nyhende
Frivillige i Sveio har søkt om 100.000 i straumstøtte
Grunna dei høge straumprisane, har regjeringa oppretta ei straumstøtte-ordning for frivillige organisasjonar. No har det kome søknadar om støtte for meir enn 100.000 kroner berre frå aktørar i Sveio.
Fram til nyleg var det kommunane som administrerte ordninga, og etter at fristen gjekk ut har Sveio kommune sendt ein samordna søknad til kulturdepartementet.
Den viser at det har kome 11 søknadar frå aktørar i kommunen, som potensielt kan få til saman 101.056 kroner i støtte til straumrekningane sine.
Dette gjeld søknadar om støtte for forbruk i desember 2021 og januar 2022.
Solgry ber om mest
Den største enkeltsøknaden kjem frå Norsk Luthersk Misjonssamband, som driv leirstedet Solgry i Sveio. Dei har brukt 16.070 kilowatt straum i desember og 13.221 kilowatt i januar.
KFUK-KFUM Haugesund har også søkt via Sveio kommune, då dei driv leirstedet Vigdarheim. Dei brukte kun 1791 kilowatt straum i desember og 1216 kilowatt i januar, og får potensielt 3.014 kroner i støtte frå ordninga.
Idrettslaget fekk høge rekningar
Sveio idrettslag har søkt om 19.694 kroner, for eit straumforbruk på høvesvis 11.343 kilowatt i februar og 8075 kilowatt i januar.
Her er heile oversikta:
Regjeringa har vedtatt å vidareføre ordningar fram til mars 2023. Det er Lotteritilsynet som skal forvalte ordninga framover.
Dei som fell inn under ordninga får dekka om lag 80 prosent gjennomsnittprisen som overstig 70 øre per kilowatt time.