nyhende

Desse skal dela ut blomar. Frå venstre Solveig Brynjelsen, Solbjørg Jacobsen, Kirsten Kalstø, Torunn Frøkedal, Kari Steine, Eli Hardeland, Johnny Stueland og Ingeborg Emberland. Tove Tveita, Eva Førde, Jarle Fisketjøn og Anne Mari Fisketjøn var ikkje til stades då biletet vart tatt.

Frivillige deler ut blomar til pårørande

Valestrand og Førde sokneråd har sett i gong eit nytt tilbod med å gje blomar til pårørande som har mista nokon av sine kjære i løpet av det siste året.

Publisert Sist oppdatert

Soknerådet får hjelp av ei rekke personar i oppgåva med utdelinga av blomane. Det er ein av dei næraste pårørande som har mista nokon frå allehelgenssøndag i 2020 til allehelgenssøndag i 2021, som vil få besøk. Utdelinga vil skje frå nå og fram mot jul.

Tende på idéen

Solveig Brynjelsen i Auklandshamn har teke på seg å organisera oppgåva. Ho fortel at etter ein ringerunde fekk ho kjapt med seg frivillige som hadde lyst å hjelpa til.

– Bømlo og Stord har alt dette tilbodet, og eg tykte det var ein kjempegod idé då sokneprest Arild Steinsland kom med forslaget, seier Brynjelsen.

Blomar og brev

21 personar har døydd i Sveio i den aktuelle perioden, ein pårørande til kvar av desse vil få ei blomsterhelsing så sant dei bur i Sveio kommune. Med helsinga vil det også følgja med eit lite brev frå sokneprest Steinsland.

– Me vil i kvart tilfelle ta kontakt per telefon før besøket, opplyser Brynjelsen som håpar folk vil setja pris på tilbodet.

Powered by Labrador CMS