nyhende
Fri og tvungen hytteleik i 70 år
Den mykje brukte påskeaktiviteten Yatzy fyller 70 år, men røtene går eigentleg mykje lenger tilbake. Truleg spelte ein versjonar av Yatzy heilt tilbake i oldtida.
– Vi menneske treng å møtast, og vi treng inkluderande fellesnemnarar. Yatzy er noko dei aller fleste har eit forhold til, og det er eit spel som kan spelast frå vogge til grav. Vi starta forbundet vårt som eit tilsvar til at vi treng lågterskel møteplassar som kan passe for alle, seier president Geir Inderdal i Norges Yatzyforbund til Nynorsk pressekontor.
Forbundet, med base i Trøndelag, blei skipa under koronapandemien og opplever stor interesse både frå inn- og utland.
– Vi får stadig vekk meldingar frå folk som har spørsmål om reglar eller som ønskjer å starte eigne forbund, fortel Inderdal.
Frå yacht til Yatzy
Det kjende terningspelet finst i mange variantar og er populært blant både store og små. Spelet vart etter seiande funne opp i 1954 av eit velståande kanadisk ektepar som kjeda seg på yachten sin. Enkelte kjelder hevdar at ekteparet vart inspirerte av gamle terningspel dei sjølv hadde fått prøve på reise i Tibet. Dei skal ha blitt så fascinerte at dei tilpassa reglane til eit eige spel som dei valde å kalle «Yacht-spelet».
Spelet blei raskt ein hit hos vennene til ekteparet, og i 1956 tok dei difor kontakt med leiketøysmakar Edwin S. Lowe for å lage fleire eksemplar av spelet. Lowe vart straks interessert, og han bad om å få kjøpe rettane. Dette fekk han lov til, og endra samstundes namnet til Yatzy.
– Sjølv om det er 70 år sidan patenteringa, så reknar vi 2024 som jubileumsåret. Vi er ikkje så opptekne av når marknadskreftene tok kontrollen, seier Inderdal.
På landsmøta i Yatzyforbundet går dei bakover i historiebøkene og ser nærare på ulike typar terningspel som liknar på Yatzy.
– Vi har funne spor heilt tilbake til oldtidas Egypt, fortel forbundspresidenten.
Enkelt, men komplekst
Reglane i Yatzy er på papiret temmeleg enkle. Det er truleg òg ein av hovudgrunnane til at spelet har halde seg populært i ei årrekke. Meininga med spelet er å oppnå ein høgast mogleg poengsum. Poeng blir delt ut for 15 ulike terningkombinasjonar, og ein kan spele både ein fri og ein tvungen versjon.
– Når vi møtest så spelar vi både tvungen og fri. Men det finst jo nokre offisielle rekordar, og førebels er det vi i forbundet som har alle dei norske. Alle rekordane er tekne i fri Maxi Yatzy – det er på ein måte elitespelet i yatzy-familien.
– Er det mykje strategi inne i bildet, eller er det mest flaks som skal til?
– Det er masse strategi, og det går definitivt an å bli ein betre spelar.
Norges Yatzyforbund arrangerer difor ulike kurs og fagsamlingar for at folk skal bli betre.
– Vi har til dømes hatt kurs i kasteteknikk, og samlingar om lufttrykk og luftfukt. Vi reknar absolutt Yatzy som meir enn flaks, understrekar presidenten.
Påskevakt
Forbundet går no inn i ein travel periode. Påska har i ei årrekkje vore rekna som ei høgtid for Yatzy, og det merkar også gjengen i Trøndelag.
– Vi veit at vi kjem til å få meldingar frå frustrerte yatzy-spelarar i hus og hytter landet rundt. Vi føler på eit ansvar når det gjeld å deeskalere dei situasjonane som kan oppstå rundt yatzyblokkene i påska, seier Inderdal.
For filosofien om at Yatzy skal vere for alle lever sterkt blant forbundsmedlemmene.
– Marknaden florerer av nye speltitlar. Kanskje bør vi gå litt meir tilbake til dei tradisjonelle spela som faktisk fungerer veldig godt. Tanken vår er at det enkle faktisk ofte er det beste, avsluttar han.
Kort om yatzy:
- Fri yatzy gir fleksibilitet til å fylle ut poengblokka i valfri rekkefølgje, noko som gjer det lettare å oppnå høg poengsum.
- Tvungen yatzy krev at du fyller ut blokka i ei fastsett rekkefølgje, noko som aukar vanskegraden.
- Maxi Yatzy er ein utvida variant av det klassiske terningspelet, spelt med 6 terningar i staden for 5. Det gir fleire kombinasjonsmoglegheiter, og har i alt 20 kategoriar på blokka.