nyhende
– Fremst i verda på dette feltet
Forskingsprosjektet som Geir Olsen har vore med på, og fått god nytte av, er banebrytande både her i landet og internasjonalt.
Forskingsprosjektet ved Universitetet i Bergen, som blir leia av førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi Cecilie Gjerde, går ut på å få nytt beinvev til å veksa fram frå pasienten sine eigne stamceller.
– Til nå har me behandla nær 40 pasientar, alle med godt resultat. Eit par pasientar til blir vurderte, elles er me i ferd med å avslutta prosjektet. Me har ikkje meir pengar til vidare forsking i denne omgang, seier Gjerde.
Andre sine stamceller
Forskaren, som opphavleg kjem frå Vikedal, seier vidare at ho og teamet hennar gjerne vil gå vidare både for å dokumentera effekten av den behandlingsmetoden dei har utvikla, og for å gjera behandlinga endå meir effektiv.
Mellom anna ønskjer dei å forska å på bruk av andre sine stamceller slik at dei kan byggja opp ein «bank» av biologisk materiale og dermed gjera behandlinga raskare for pasientane. Dei håpar også at den teknologsike utviklinga kan bidra til meir automatisering av stamcelleproduksjonen og dermed få ned kostnadene.
Fremst i verda
– Vårt forskingsteam har faktisk kome lengst i verda når det gjeld utvikling av denne behandlingsmetoden. Det er jo litt stas at me kan hevda oss internasjonalt med forskinga vår, seier Gjerde.
– Og når vil pasientar med tilsvarande diagnose som Geir Olsen og dei andre som har vore med i prosjektet, få tilgang til denne behandlinga?
– Me håpar den vil bli godkjent ganske snart. Utfordringa er at det er ei svært kostbar behandling, gjerne rundt 250.000 kroner per pasient. Dei som har vore med i prosjektet, har fått utgiftene dekka av forskingsmidlar. Framtidige pasientar må pårekna at dei lyt betala sjølve.
– Kor mange pasientar vil vera aktuelle for denne type behandling kvart år?
– Ganske mange. Me har nemleg også testa ut metoden for dyrking av beinvev ved hjelp av stamceller for andre kroppsdelar enn kjeven. Det har gitt gode resultat, blant anna for leggbein.
Glad for publisitet
Forskinga til Gjerde og teamet hennar har så langt blitt finansiert med midlar frå Forskingsrådet, EU og Trond Mohn-stiftinga. Det er dei same kjeldene teamet må søkja om meir pengar.
– Men det viser seg at det er vanskelegare å få midlar til oppfølging enn til nye prosjekt, seier Gjerde.
– Kva tenkjer du om at Geir Olsen nå vil ut og halda foredrag om den vellykka behandlinga han har fått?
– Det er jo svært kjekt at han vil vera med å skapa blest om prosjektet. Det er ei viktig tilbakemelding til skattebetalarane om at forsking gir resultat. Og det kan også vera med å påverka dei me søkjer om å få meir pengar frå.