nyhende
Framleis stram arbeidsmarknad
Ein prosent av arbeidsstyrken i Sunnhordland blei registrert som heilt ledige i november. I Sveio utgjorde talet på heilt ledige 1,1 prosent. Berre 0,1 prosent av arbeidsstyrken i Sveio var permitterte.
Av kommunane i Sunnhordland var det Fitjar som hadde det lågaste registrerte talet på heilt ledige i november, 0,7 prosent. Deretter følgjer Stord og Etne. Samla har Sunnhordland den lågaste arbeidsløysa i Vestland fylkeskommune og i landet. I Vestland var 1,7 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige. Gjennomsnittstalet for landet samla var 2,0 prosent.
Det er berre små endringar i den lokale arbeidsmarknaden om ein samanliknar med same månad i 2023.
– Godt utgangspunkt
– Den låge arbeidsløysa held fram, og me ser at arbeidsmarknaden framleis er stram. Dette meiner me lagar særleg gode høve for inkludering av andre grupper som står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.
Fleire verksemder som NAV har vore i kontakt med, gir uttrykk for at det er vanskeleg å få tak i nok arbeidskraft.
– Me kan samarbeida med verksemder om tilgang på arbeidskraft om dei kan inkludera folk som står utanfor arbeidslivet, seier Lægreid.
Fleire legemelde sjuke
I tillegg til stram arbeidsmarknad er statistikken prega av at det legemelde sjukefråværet går opp. I tredje kvartal utgjorde det legemelde fråværet 5,1 prosent av dei avtalte dagsverka. Det er ein auke på 0,6 prosent i forhold til 2023. Det er litt meir enn gjennomsnittsauken for heile landet.
– Den største delen av fråværet er knytt til muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidinger. Samla står desse to for nær halvparten av det legemelde fråværet, fortel Lægreid.