nyhende

Det er framleis store lønnsforskjellar mellom kvinner og menn i Noreg. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Det er framleis store lønnsforskjellar mellom kvinner og menn i Noreg.

Framleis store lønnsforskjellar mellom kvinner og menn

Lønnsforskjellen mellom kvinner og menn har ikkje endra seg dei siste åra – trass i at temaet har fått meir merksemd.

Publisert Sist oppdatert

Det går fram av ein ny rapport utarbeida av Institutt for samfunnsforskning (ISF) på oppdrag frå Bufdir. Rapporten er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet.

I rapporten har ein mellom anna sett på lønnsskilnaden mellom menn og kvinner i perioden frå 2015 til 2022.

– Den gjennomsnittlege skilnaden i inntekter mellom menn og kvinner har endra seg lite i denne perioden, sa forskar Adrian Farner Rogne på lanseringsseminaret torsdag.

Samanlikna likskapar

I forskingsarbeidet har Rogne og dei andre forskarane ved ISF prøvd å finne mest mogleg likskapstrekk mellom kvinnene og mennene dei samanliknar løna til. Dei har mellom anna samanlikna kvinner og menn med om lag like lang utdanning, kvinner og menn som jobbar i same sektor, menn og kvinner i same næring og menn og kvinner i same yrke.

– Tek ein og samanliknar løna til alle kvinner og menn i yrkeslivet tener menn i snitt 13 prosent meir enn kvinnene. Mellom kvinner og menn i same yrke tenar menn 8 prosent meir. Mellom kvinner og menn på same arbeidsplass i same jobb er skilnaden 6 prosent, sa Rogne.

Større skilnader i privat sektor

– Ikkje overraskande er lønnsforskjellane mellom menn og kvinner større i privat sektor enn i offentleg sektor. Dei næringane med størst skilnader er finans- og forsikringsbransjen og yrkesgruppene med størst skilnader er fiske, fangst, teknologi og leiing, sa Rogne.

Forskarane har òg sett på korleis det å ha barn påverkar lønningane. Dei samanlikna menn med barn og kvinner med barn med kvarandre, og kvinner utan barn med menn utan barn.

– Det er større lønnsforskjellar mellom kvinner og menn med barn enn det er mellom kvinner og menn utan barn. Mellom kvinner og menn med barn er lønnsforskjellen elleve til tolv prosent, medan skilnaden berre er tre til fire prosent om ein ikkje har barn, sa forskar Rogne.

– Godt analyseverktøy

Etter at rapporten var presentert var representantar frå fagforeiningar og næringslivsorganisasjonar inviterte til ein panelsamtale om temaet. Dei fire som deltok var Ingrid Sandvei Francke (NHO), Julie Lødrup (LO), Klemet Rønning-Aaby (Unio) og Amna Veledar (KS).

Det verka å vere ein gjennomgåande tanke blant paneldeltakarane at den nye rapporten vanskeleg kunne brukast til å få ned lønnsforskjellane.

– Dette vil vere mest nyttig som eit analyseverktøy som kan seie noko om tendensane i samfunnet. Om det kan brukast som eit styringsverktøy til lønnsfastsetting? Det har eg lita tru på, sa Amna Veledar i KS.

– Tal på dette området er viktig, og ein belyser viktige dilemma. Reint konkret er det litt meir usikkert kva ein kan bruke rapporten til, sa Ingrid Sandvei Francke i NHO.

Powered by Labrador CMS