nyhende

Are Sende Osen tek i ein slentrande stil oss med gjennom bibelhistoria i ein ny podkastserie. Men det er gjort med stor respekt, forsikrar han. Foto: Jon Osen
Are Sende Osen tek i ein slentrande stil oss med gjennom bibelhistoria i ein ny podkastserie. Men det er gjort med stor respekt, forsikrar han.

Framleis noko å lære i den mest leste boka i verda

– Bibelen er den boka som har påverka verda mest opp gjennom historia. Anten ein er truande eller ikkje, er det noko å lære om det å vere menneske av dei interessante og spennande historiene i Bibelen, seier Are Sende Osen.

Publisert Sist oppdatert

No er NRK-profilen godt i gang med å friske opp minnet vårt om Bibelen gjennom ein ny podkast-serie. Og han lovar både intrigar, sex, brodermord, under, undergang og oppstandelse.

Vi kjenner den 54 år gamle trønderen frå radio og fjernsyn, og frå podkastserien om den norske kongerekka. Dei 42 episodane om dei norske kongane gjennom historia har nesten kome opp i svimlande seks millionar lyttarar.

Humoristisk, men respektfullt

Are Sende Osen har sin heilt spesielle forteljarstil. Han brukar humor som verkemiddel, og det er mykje ironi inne i biletet når han på sin slentrande måte tek lyttarane med gjennom bibelhistoria. Men det er gjort med stor respekt, forsikrar han oss.

– Eg trur det er viktig å kjenne til historiene frå Bibelen. Tidlegare hadde vi mykje større kunnskap om bibelhistoria. I dag verkar det som folk veit meir kven som er med i realityseriar som Farmen, Sex on the Beach eller Kompani Lauritsen enn om kva som står i Bibelen, seier han.

Har påverka verda

Sende Osen minner om at det er snakk om den mest leste boka i verda. Då Johan Gutenberg byrja med systematisk boktrykking på 1500-talet, var Bibelen den første boka han gjekk i gang med. Sidan er det trykt mellom fem milliardar og seks milliardar eksemplar.

– Frå 1500-talet og utover dominerte Europa resten av verda. Vi reiste ut med ein bibel i den eine handa og eit våpen i den andre. Bibelen har hatt ein enorm påverknad, både på samfunnet, kunsten og språket, legg han til.

Mange munnhell eller ordtak vi brukar i kvardagen stammar frå Bibelen. Til dømes «å vere bror min sin vaktar», «ingenting er nytt under sola», «skrifta på veggen», «hovudet på eit fat», «heile sulamitten» og mange, mange fleire.

Illustrasjon: Marco Vaglieri / Kjersti Lofthaug

Mytar og historier

– Eg har alltid vore oppteken av gamle mytar og historier. Eg har slukt bøker om norrøn- og gresk mytologi, og ideen om kongerekka kom også frå denne interessa. Medan eg heldt på med serien om kongane, gjekk eg til sjefen min og sa at eg ville gå laus på Bibelen, forklarar Are Sende Osen.

Han jobbar tett saman med produsenten Ragnhild Sleire Øyen og bibelkonsulent og teolog Jørn Varhaug, som skal sikre at det som blir sagt i podkasten er korrekt ut frå bibeltekstane.

– Vi presenterer stoffet lettbeint og underhaldande, men vi er opptekne av at det skal vere korrekt. Eg håper folk forstår at det ligg eit alvor bak humoren, seier Are Sende Osen.

Førti episodar

Tre episodar ligg alt ute på NRK. Dei tok føre seg skapinga, syndefallet og Kain og Abel. Det er dramatiske scener vi får vere med på når den yngste sonen til Adam og Eva tek livet av storebroren sin, det første av mange drap i Bibelen.

Det er planlagt førti episodar totalt – tretti frå Det gamle testamentet og ti frå Det nye testamentet. Denne vinteren og våren kjem det ti episodar, så kjem det ti nye til hausten, ti om eitt år, og dei ti neste hausten 2026.

Både ris og ros

Den meritterte podkastverten fortel at han har fått både godord og kritikk for dei tre første episodane.

– Det har vore ros og ris frå både truande og ikkje truande. Det er ein del som ikkje likar humoren, men slik er det når ein jobbar med det eg gjer. Eg er van med det. Men dei fleste er positive. Dei som ikkje trur synest det er interessant, medan mange truande meiner at dette ikkje er så dumt. Sjølv om eg kan verke litt respektlaus i stilen, seier han.

Sende Osen minner om at han for nokre år sidan laga TV-serien «På tro og ære», ein serie som framleis blir brukt av det norske skulestellet i KRLE-undervisinga.

– Her om dagen kom det nokre ungdomar susande forbi meg på elektriske sparkesyklar. Der går heile Noregs KRLE-lærar, var det ein av dei som ropte, skyt han inn.

Neste episode av podkasten om Bibelen blei publisert 15. januar. Der er det Noa og syndfloda det handlar om. Så følgjer resten av Bibelen så å seie kronologisk. Det starta med Første Mosebok og blir avslutta med Johannes» openberringar hausten 2026.

Powered by Labrador CMS