nyhende

Det er eigne reglar for Sveio, og ein hundetrenar rår eigarar til å alltid ha hunden i band. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Det er eigne reglar for Sveio, og ein hundetrenar rår eigarar til å alltid ha hunden i band.

Framleis bandtvang i Sveio

Torsdag blir den generelle bandtvangen som gjeld for heile landet oppheva. Men i Sveio er det utvida bandtvang til og med 15. oktober.

Publisert Sist oppdatert

Utvida bandtvang er ganske vanleg i landbrukskommunar som Sveio. Det er verd å merka seg at forskrifta omhandlar hundehald også på område der det ikkje er bufe, og som gjeld heile året.

Føresegner om sikring av hund

a) Eigar eller innehavar av hund i Sveio kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida frå 1. april til og med 15. oktober slik at den ikkje kan jaga eller skada bufe, fjørfe, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir og bu.

Gjeld heile året:

b) Hundar skal haldast i band heile året i bustadområde, og ved offentlege byggområde.

c) Hundar skal haldast i band heile året i parkområde og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon.

d) Hundar skal haldast i band heile året i og ved dei offentlege friluftsområda i kommunen.

e) Hund skal haldast i band på inngjerda områder kor det beitar bufe.

f) Det er forbode å ta hund med inn på areal til kyrkjene og på kyrkjegardane.

g) Det er forbode å ta hund med inn i dei verna våtmarksområda i kommunen.

h) Det er forbode å ta hund med inn til barnehagar og skuleområde.

i) Ved ekstraordinære tilhøve for å ta vare på viltet kan viltnemnda gjera vedtak om at det skal vera bandtvang i ei lengre tid enn kva som er gjeve etter punkt a.

Heile forskrifta finn du her

– Kan aldri stola heilt på hunden

– Vilkåret for å gå utan band er at du har kontroll på hunden. Det betyr at du skal ha grunnleggjande kontakt heile tida og god innkalling om den skal gå laus. Du skal aldri stole heilt på hunden. Det gjeld alle hundar, uansett kor mykje han har trena, seier hundetrenar Millie Klæboe, som er fagansvarleg for hundeskulen i dyrebutikkjeda Musti.

Bandtvangen er lovfesta i heile landet mellom 1. april og 20. august, med unntak for mellom anna hundar i reindrift, bufehund, redningshundar og hundar som er i teneste for politiet, tollvesenet eller militæret, ifølgje Norsk kennelklubb. Kvar enkelt kommune kan likevel også leggje eigne føringar for bandtvangen.

Powered by Labrador CMS