nyhende

Talet på sengeplassar blir ikkje endra. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Talet på sengeplassar blir ikkje endra.

Framleis 41 senger på SOS

Sveio omsorgssenter (SOS) skal framleis drivast med 41 sengeplassar.

Publisert Sist oppdatert

Institusjonen skal også framleis gi tilbod om vekselplassar ut frå individuelle behov. Dette ble samrøystes vedtatt på kommunestyremøtet i Sveio måndag.

Kommunestyret gav også rådmannen i oppdrag å klargjera om tidlegare omsorgsbustader ved Klokkarbakken igjen kan bli sette i stand og takast i bruk som omsorgsbustader. I dag blir desse lokala nytta til kontor, og nye lokale til dei tenestene som held til der, må derfor også vurderast.

Rådmannen fekk dessutan i oppdrag å sjå om det er mogleg å bygga rimelege bustader til leige i sentrum. Kommunestyret slutta seg også til eit forslag frå Monika Valen (Sp) om å sjå på behovet for framtidige bustader i samband med dei planprosessane som alt er i gang.

Powered by Labrador CMS