nyhende
Frå Sveio til drill-EM i Nederland
– Målet er fire gull, seier Inger Emilie Panayiotou. I dag reiser 26 utøvarar i alderen 13-18 år frå Sveio Drill til drill-EM i den nederlandske byen Eindhoven.
Med seg har dei fire instruktørar og to reiseleiarar. Gruppa frå Sveio inkluderer fire utøvarar frå Haugesund og to frå Åkrehamn pluss foreldre og søsken, til saman 48 personar. Fleire familiemedlemmer reiser også på eiga hand.
Konkurransar frå fredag
Etter opningsseremoni torsdag startar sjølve meisterskapen fredag og varer fram til søndag. Då går det slag i slag. Sveibuane skal på golvet alle dagane.
I tillegg til dei som er nemnde i bildeteksten, er følgande utøvarar med:
15 land representerte
Utøvarar frå 15 land skal konkurrera i årets europameisterskap. Sveio Drill veit enno ikkje på førehand kven dei skal møta i dei ulike kategoriane.
Utøvarane frå Sveio skal delta i fire ulike kategoriar. I tillegg til Exibition Corps junior (bildet) er det Showtwirl Corps senior (samarbeidstropp Sveio/Haugesund: Team Northern light), Exhibition Corps senior: Team Ai og Batonflag Corps senior: Team Fortuneteller. Panayiotou seier det vil vera særs kjekt å gå til topps i dei to kategoriane der sveibuane vann i fjor.
Sveio Drill hadde generalprøve fredag og brukte elles helga til førebu seg til konkurransane.