nyhende

Det generelle bålforbodet i skog og utmark gjeld frå 15. april til 15. september. ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB / NPK
Det generelle bålforbodet i skog og utmark gjeld frå 15. april til 15. september.

Frå laurdag er det bålforbod

Frå 15. april er det forbode å tenna bål, bruka eingongsgrill, bålpanner og anna open eld i skog og utmark.

Publisert Sist oppdatert

Råd for bålbrenning

  • Respekter det nasjonale bålforbodet 15. april til 15. september.
  • Følg med på skogbrannvarselet og følg råda frå ditt lokale brannvesen.
  • Bruk godkjente bålplassar om du skal tenna bål.
  • Tenk over kvar du plasserer bålet i forhold til nærliggande brennbart materiale.
  • Ver obs på vindretning og vindstyrke.
  • Unngå å brenna materiale som gir gneistar.
  • Forlat aldri bålet før du er sikker på at det skikkeleg sløkt.
  • Du kan grilla i eigen hage, men det skal ikkje vera til sjenanse for naboane.
  • Unngå bruk av eingangsgrillar.

Kjelde: Norsk brannvernforening

Det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september.

— Bålforbodet er fast kvart år og gjeld over heile landet. Det gjeld først og fremst skog og utmark, men det er viktig å ta omsyn over alt. Me går, forhåpentlegvis også på våre kantar, mot ei tørrare og varmare tid. Då skal det mindre til for at eit bål kan bli ein brann, seier Ole-Martin Nordstrand, leiar førebyggande ved Haugaland brann og redning.

At bålforbodet gjeld frå 15. april har også samanheng med at naturen er i gang med å reprodusera seg. Då vil til dømes bråtebrenning over større område kunna gjera skade på fuglar og dyr.

Turbål og bålpanner

Om du tar omsyn og er forsiktig, kan du kosa deg med eit lite bål når du er på tur.

— Dersom turbålet, primusen og grillen er på ein sikker plass utanfor skog og utmark, er det ikkje forbode. Det må vera på brannsikkert underlag og lett å kunna sløkka skikkeleg, seier Nordstrand.

— Kva med hagar og terrassar?

— Skal du brenna i hagen er det lurt å sjekka dei kommunale forskriftene for dette. Grill og bålpanne på terrassen er ikkje det bålforbodet vil til livs, og det er lov å kosa seg så lenge det er trygt og sikkert tilrettelagt.

Meld frå til brannvesenet

Når det er har vore tørt ein periode, skal det ein del nedbør til før det blir fuktig nok i vegetasjonen til at det ikkje begynner å brenna om det kjem eld eller gneistar.

— Det er ikkje så ofte det skjer på Vestlandet, men om det blir stor skogbrannfare kan det bli totalforbod mot all form for eld. Også for bålpanne og grill på terrassen, seier Nordstrand, som har ei oppmoding til slutt:

— Skal du brenna bål som er større enn eit lite kaffibål, meld det inn på nettsida vår.

Gneistar kan flyga langt

Norsk brannvernforening oppmodar alle til å vera ekstra forsiktige, særleg i område der det har vore lite nedbør.

— Ved uvisse bør ein ta kontakt med lokalt brannvesen, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.

Han oppmodar alle til å vera varsame og viser til at mange gras- og skogbrannar har starta som følgje av kaffibål som ikkje var forsvarleg sløkt, eller etter attgløymde eingongsgrillar. Gneistar kan flyga langt, og sjølv om det er vått og fuktig der ein er, kan det vera tørt like i nærleiken.

Ditt ansvar

— Ta heller med varm mat på termos, enn å risikera og starta brann ute i naturen. Det er viktig å ikkje belasta brannvesenet unødig, og brot på regelverket kan straffast med bøter, poengterer Søtorp.

Den som tenner bål, er sjølv ansvarleg for å sløkka det heilt og rydda opp etter seg. Mange kommunar legg til rette for bålbrenning ved å etablera godkjente bålplassar. Desse er det normalt tillate å bruka heile året.

Powered by Labrador CMS