nyhende

Kirkens Bymisjon, som mellom anna driv Sveio Frivilligsentral, avviklar gåveaksjonen «En helt vanlig jul».
Kirkens Bymisjon, som mellom anna driv Sveio Frivilligsentral, avviklar gåveaksjonen «En helt vanlig jul».

Frå julegåver til aktivitetar

Kirkens Bymisjon på Haugalandet avviklar gåveaksjonen «En helt vanlig jul». I staden vil organisasjonen satsa meir på aktivitetar og fellesskap.

Publisert Sist oppdatert

Dette går fram av eit notat som Kirkens Bymisjon har sendt til samarbeidspartnarane sine og som  også lokale medier har fått kopi av. Ein av grunnane er at etterspurnaden etter julegåver har auka så kraftig dei siste åra at organisasjonen korkje har ressursar eller arbeidskraft nok til å dekka behovet. Ein annan grun er at organisasjonen sine folk er usikre på om dei har truffe rett målgruppe  slik situasjonen har utvikla seg.

– I tillegg til dei operative utfordringane, reflekterer avgjerda også forankring i Kirkens Bymisjon sin strategi. Som ein del av våre langsiktige mål legg me no større vekt på å fremja fellesskap, å styrkja bærekraft og fokusera på aktivitetar som fører menneske saman heller enn å fremja materielt forbruk, står det mellom anna i notatet.

Kirkens Bymisjon håpar framleis på støtte frå næringslivet til tiltak som kan førebyggja utanforskap og byggja inkluderande fellesskap.

Powered by Labrador CMS