nyhende
Frå i dag kan du velja noregspris
Frå i dag kan 2,7 millionar hushald og 360.000 fritidsbustader bestilla noregspris på straum. Det kan lønna seg for mange, særleg sør i landet.
Bestilling av noregspris på straum må gjerast via nettstaden Elhub med elektronisk ID. Der har dei har førebudd, testa og utvikla system for å tola høg trafikk.
– Utgangspunktet vårt er at me har laga eit system som skal vera robust og klart for å ta imot dei bestillingane som kjem, seier kommunikasjonssjef Christine Rynning-Tønnesen i Elhub til NTB.
Ho minner òg om at ein godt kan venta nokre dagar:
– Alle som bestiller til og med 1. oktober, får noregspris frå 1. oktober. Så her er det ingen grunn for brukarar til å logga seg på med ein gong når det blir opna for å bestilla. Ein har god tid på seg, seier ho.
Ting å tenkja på
Ei undersøking frå Forbrukarrådet gjord i sommar viser at éin av to straumkundar er usikre på om dei skal velja noregspris.
– Dei fleste analysar tyder på at du bør velja noregspris framfor å bli ståande på dagens straumstøtteordning om du bur i Sør-Noreg. Når det gjeld Trøndelag og Nordvestlandet, er det meir usikkert, og det kan vera lurt å avventa straumprisane framover, seier konstituert direktør Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.
To sentrale ting å hugsa på er at når ein først vel noregspris, blir denne straumprisen gjeldande ut 2026. Avtalen om noregspris er knytt til straummålaren, så han gjeld også om bustaden blir overteken av ny eigar.
Bindingstida skal hindra at folk berre nyttar ordninga i vinterhalvåret, når straumen som regel er dyrast, og melder seg ut i sommarhalvåret.
Kva lønner seg
Noregspris gir deg ein fast straumpris på 50 øre per kilowattime, medan nettleige, elavgift og eventuelle påslag frå straumselskapet blir betalte på vanleg måte.
Det er umogleg å spå nøyaktig kva straumprisane blir framover i tid. Det er likevel mogleg å få ein peikepinn på om det lønner seg for deg å ha noregspris, eller om det er betre å betala spotpris med straumstøtte.
På Elhub kan ein logga seg inn med elektronisk ID og sjå om det kunne lønna seg med noregspris for ein eller fleire av straummålarane dine. Der liggja straumforbruket ditt for 2024 og så langt i 2025. Du kan samanlikna kva straumen ville kosta med noregspris kontra spotpris med straumstøtte.
Rynning-Tønnesen i Elhub påpeikar at prissjekken gjeld for tidlegare år og ikkje er ein garanti for at noregspris vil lønna seg for deg.
– Vårt råd er uansett å gå inn og sjekka. Der har du jo fasiten på korleis noregspris ville slått ut historisk for kvar einaste straummålar. Det er eit godt tal for folk å ta med seg når dei skal gjera dette valet, seier ho.