nyhende
Frå hylla krigshelt til utskjelt kaloribombe
Ei gong var poteta folkehelten som berga utmagra nordmenn gjennom hungersnaud og svolt. I dag er ho redusert til ein simpel kaloriknoll som gjer oss altfor feite.
Det er prestane som fører dei dystre rekneskapane inn i kyrkjebøkene i katastrofeåret 1743. Gjennom 12 månader døyr det over 32.000 nordmenn, medan berre litt over 15.000 nyfødde kjem til verda.
Poteta, som seinare skal bli omfamna som livreddar og helt i krisetider, er nemleg framleis ukjend for nordmenn flest, fortel historikar Trond Gram.
Han er aktuell med boka «Potetlandet», som både er ei kjærleikshistorie og ei historie om Noreg:
– Då poteta gradvis vart innført frå slutten av 1700-talet, kom 85 prosent av næringsinntaket frå korn i form av brød, graut, velling, flatbrød og lefse. Det einsidige kosthaldet førte ikkje berre til mangelsjukdommar i seg sjølv. Det gjorde også folk ekstra sårbare når tilgangen på korn svikta heilt, fortel han.
Djevelens verk
I 1809 til dømes, då poteta framleis var i sakte spreiing frå ein bondeneve til ein annan og marineblokaden under Napoleonskrigen hindra oss frå å importere korn, utgjorde potet likevel ikkje meir enn seks prosent av kaloriinntaket til nordmenn. Det straffa seg med endå ein ny hungersnaud.
I dag er det lett å riste på hovudet av seindrektigheita. Gram forklarar ho med skepsis. I realiteten var poteta kanskje ein av dei første innvandrarane som vart møtt med framandfrykt:
– Folk var korkje sikre på korleis dei skulle dyrke, oppbevare eller lage mat av poteta – det tok rett og slett litt tid før folk skjønte kva dei skulle gjere med den rare rota. Smaken var jo også uvant. Ein bonde frå Hadeland skreiv at han syntest poteta smakte motbydeleg og emment.
Gram humrar. Det var heller ikkje tilfeldig at fleire høgt akta prestar gjekk saman om å tale framandknollen si sak. Dei skjøna kva den C-vitaminrike knollen kunne bety for det utarma folket. Fleire hadde kanskje også høyrt kyrkjelyden kviskre seg i mellom, om at poteta måtte vera djevelens verk, sidan ho vaks under jorda og formeira seg så fort i den mørkaste molda:
– Poteta er jo ikkje omtala i Bibelen, og nokre trudde til og med ein kunne bli spedalsk av å ete ho. Andre meinte ho ikkje var tilpassa magen til den norske bonden og gav veldig mykje flatulens.
Potetkappløpet
I ei tid der nordmenn sine liv ofte var like harde som jorda knollane vaks i, var poteta også ei kjelde til sjeleleg trøyst. Alt på 1800-talet vart ho ei viktig råvare for brennevin og med det ei ny inntektskjelde for både bøndene og den veksande brennerinæringa. Brennevinsproduksjonen steig og fall i takt med kor godt potetåret var.
For nordmenn kunne saktens trenge trøyst i tiåra som låg framfor dei. Ubereknelege naturkrefter var ein ting – menneskeskapte trugslar noko heilt anna. Den første verdskrigen vart slik sett ein alvorleg vekkjar om kor avgjerande det er å vera sjølvforsynt med mat. No oppmoda difor styresmaktene sterkt folk til å dyrke meir potet. For å få realisert prosjektet, delte dei endåtil ut parsellar i byane til føremålet. Snart vaks den unnselege poteta på både åkerlappar og i hagar og parkar. Til og med i Slottsparken bløma det med potetris i 1917:
– Å pløye opp heile Slottsparken var først og fremst ei pragmatisk avgjerd av slottsgartnaren som ville ugraset til livs, men som merkevarebygging var det også bra. Potetene vart selt til inntekt for dronninga sitt hjelpefond. Så vidt eg har lese meg til, vart tiltaket ikkje møtt med kritikk. Det vakte aller mest nysgjerrigheit, fortel Gram.
Hardfør helt
Då andre verdskrigen braut ut i 1940, vart det nærast påbode å vera sjølvforsynt. I motsetnad til korn, var jo poteta hardfør og treivst både høgt til fjells og langt nord i landet. Slik auka arealet nytta til potet med 55 prosent nær over natta. Denne gongen skulle poteta ikkje berre fylle norske magar, men også kravet om matleveransar til den tyske okkupasjonsmakta.
Resultatet av innsatsen var at kvar nordmann på 1940-talet åt rundt 200 kilo potet i året. På det meste vart det produsert 1,3 millionar tonn per år, og mykje kom frå dei rundt 200.000 gardane som dyrka potet.
Utover 50-talet vart forbruket av potet som mat halvert, men produksjonen var framleis høg, heilt til ein slutta å nytte potet som dyrefôr og reduserte råvareforbruket i industrien på 60-talet.
I dag er det knappe 1300 potetprodusentar att i Noreg. I fjor leverte bøndene samla rundt 300.000 tonn.
– Kvar potetbonde produserer sjølvsagt mykje meir no enn dei gjorde før. Men det aukar også risikoen dei tek, fordi dei har mykje meir pengar ståande i jorda om det kjem dårleg vêr. I fjor var det einskildbønder som tapte opp mot fem millionar kroner fordi potetavlinga regna bort og drukna under «Hans», fortel Gram.
Eit pottitland?
Det er likevel ikkje vêret som er den største fienden for dagens potetbønder. Mange nordmenn er rett og slett ferdig forsynt. For somme er det ironisk nok nettopp det høge kaloriinnhaldet og stivelsen som er grunnen til at dei styrer unna den tidlegare krigshelten.
Det er heller ikkje det einaste paradokset:
– Kvar nordmann konsumerer no rundt 30 kilo potet i året, men halvparten av dette er industripotet. Det betyr at me faktisk et meir potet i form av potetgull og pommes frittes enn som kokepotet, seier Gram.
Han vil likevel ikkje bli med på at nedgangen berre er negativ, trass i at poteta for lengst er blitt ein integrert del av den norske matkulturen. Så integrert, at ein person som kan nyttast til mangt, får heiderstittelen potet.
– Mykje av årsaka til utviklinga handlar om auka velstand. Med meir pengar åt folk mindre potet og meir varierte grønsaker og kjøt. Eg trur ingen av oss ville ha vore utan mykje av den allsidige maten me har fått inn i kosthaldet vårt dei siste 30–40 åra. Men me mistar kanskje litt av eigenarten som land viss poteta forsvinn, seier han.
Kor ofte har du sjølv potet til middag?
– Me hadde det i går! Eh, nei, vent litt, ikkje i går, i går var det pasta, men i forgårs hadde me lammekjøt og potet. Så det er nok ei gong eller to i veka. Stappa, kokt og ofte baka som båtar i omnen.
Han gliser:
– Poteta er jo utruleg allsidig. Og så er ho ikkje minst ein heilt fantastisk reiskap til å få i seg masse saus med.