nyhende
— Forventningar må følgjast opp
Kan utbygging av fiskerihamna på Bømlo gi ringverknader i Sveio, for eksempel ved at fleire vil busetja seg i Bua-krinsen? Vil kontorfellesskap vera eit alternativ for folk som vil arbeida heimefrå i Auklandshamn eller Førde? Og kan ein klatrepark i Valestrand – eller kanskje i Vikse-krinsen, trekkja fleire turistar og gi grunnlag for aktivitet i nord eller sør?
Dette er berre nokre få av dei mange innspela som kom fram på folkemøta om bulyst som blei gjennomført i Sveio sentrum og Førde, Auklandshamn, Valestrand, Bua, Lid og Vikse tidlegare i haust. Det var ordførar Linn Therese Erve (Ap) som tok initiativ til møteserien, og ho gjennomførte møta saman med Nina Østensjø, som er prosjektleiar i Atheno og innleigd konsulent i Sveio for å arbeida med næringsutvikling og bulyst.
Folkemøta har skapt forventningar som må følgjast opp, seier Monica Vandaskog
Valen (Sp) Lars Einar Hollund (H).
Ordføraren er ikkje redd for at det er skapt urealistiske forventningar.
– På alle møta gjorde eg det klart at eg ikkje hadde med meg ein pengesekk til utdeling,
men at alle innspela ville bli tatt med i planarbeid og ville bli presenterte for politikarane. Innspela vil vera viktige for planlegging og utvikling av kommunen. Ikkje alle ideane som kom fram kan gjennomførast av kommunen, men fleire av forslaga kan gjennomførast i samarbeid mellom kommunen og dugnadsinnsats i krinsane.
Tomter og trafikksikring
På folkemøta fekk dei frammøtte fortelja både om bygdene sine kvalitetar og om kva dei mangla. Behov for fleire bustadtomter gjekk igjen alle stader. Andre gjengangarar var tilrettelegging for næringsutvikling, betre vegar og trafikksikring. Møta samla mest folk i Valestrand, Auklandshamn og Bua. Ikkje minst på desse stadene blei det lagt stor vekt på å sikra ei stabil framtid for skular og barnehagar. Til samanlikning blei nytt badeanlegg berre nemnt på folkemøtet i Sveio sentrum, ifølge presentasjonen frå Atheno. Denne presentasjonen er lagt fram for politikarane og administrasjonen i kommunen.
Godt mottatt
– Eg opplevde folkemøta som positive. Folk gav uttrykk for at dei sette pris på på at me kunne møtast på denne måten. Og eg lærte kommunen endå betre å kjenna, seier Erve.
Ho understrekar at innspela handlar om tiltak som kan gjennomførast både på kort og på lang sikt. Samstundes meiner ho at innspela har fått prega fellesforslaget frå Ap og Frp til budsjett for neste år.
– Me har for eksempel tatt med dette med sosiale møteplasser i krinsane, sett av
pengar til uteområdet ved Førde skule og foreslår vidare satsing på trafikksikring. Me ber rådmannen utarbeida oversikt over bustadtomter og vil fullføra revisjon av kommune- og sentrumsplanen innan 2023.
Ap og Frp vil også konkretisera kva det betyr at Sveio skal vera ein ja-kommune. På fleire av folkemøta blei det etterlyst større engasjement frå kommunen si side.
Må følgjast opp
– Det er ikkje nok å vedta at me skal vera ein ja-kommune. Det må gjennomførast i praksis. Og då må me ha eit oppdatert planverk, seier Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H) på vegne av opposisjonen.
Dei varslar at opposisjonspartia Høgre, Senterpartiet, KrF, SV og MDG vil koma med ein interpellasjon på kommunestyret sitt budsjettmøte 13. desember som nettopp går på kommune- og sentrumsplanarbeidet.
– Det er ti år sidan kartdelen av kommuneplanen blei oppdatert. Verda ser annleis ut i dag, kommenterer dei.
Opposisjonspartia vil også vera meir konkrete i oppfølginga av Bulyst-prosjektet og har foreslått 300.000 kroner til drift og to millionar til investeringar i 2022. I tillegg vil dei setja av 400.000 kroner til forprosjekt for nytt oppvekstsenter i Valestrand. Dette var eitt av dei viktige innspela frå folkemøtet i Valestrand.
Eit anna innspel som dei to representantane for opposisjonen er opptatt av, er bygging av eldrebustader rundt om i dei ulike bygdene. Desse kan godt organiserast som burettslag, slik Bømlo har gjort. I alle fall vil dei vera ei viktig førebuing til å møta eldrebølga.
– Dermed kan eldre flytta frå tungdrivne einebustader utan at dei samstundes må flytta
frå heimstaden sin. Og jobben for heimetenestene vil bli lettare fordi fleire av brukarane deira vil vera samla på same stad, seier Valen.
Endå eit konkret tiltak som opposisjonen foreslår i kjølvatnet av Bulyst, er utprøving av eit bustadfelt med tomter på tre-sju mål, tilrettelagt for såkalla mikrojordbruk. Dei peikar på eit kommunalt område ved Ospehaugen i Auklandshamn til dette føremålet.
I sentrum vil dei fem partia skapa både trivsel og marknadsplass ved å å setja opp fem salsboder for lokalt produsert mat på Sveiotorget. Og dei vil realisera ny idrettshall vegg i vegg med Vigdartun og sikra ny tilkomstveg til sentralidrettsanlegget og Sveio skule.
Stort engasjement
Nina Østensjø, som har stått for gjennomføring av folkemøta, seier ho har fått eit svært positivt inntrykk av sveibuane ho har møtt. Kulturen i dei ulike krinsane er ulike, men folk er engasjerte og villige til å ta i eit tak.
– Dugnadsånda er blitt framheva fleire stader. Noko av oppgåva mi blir nå å marknadsføra det dei ulike delane av Sveio har å by på, seier Østensjø, som også har merka seg at bustadtomter, vegar, trafikksikring og områda rundt skulane er fellesnamnarar for det som kom fram.