Ein ung mann som har testa seg i samband med smittesporinga på Haugalandet den siste veka, har testa positivt på covid-19, opplyser Sveio kommune fredag ettermiddag.
– Testen er gjort i samband med utbrotet i Haugesund. Vedkommande er nærkontakt til ein av dei som testa positivt, fortel kommune- smittevernoverlege i Sveio, Ståle Andreassen.
Personen har vore i karantene, og har ikkje utretta smitterisiko for andre – det er ikkje forventa at han har smitta nokon.
– Smittesporinga er gjort, ein har ikkje avdekka nye nærkontaktar, seier Andreassen til Vestavind.
Annonse
72 personar frå Sveio har blitt testa denne veka.