nyhende

Henriette Bøe har no sin base på Kjeller i Oslo, der ho går første året på vernepleie. Tysdag kveld vil ho og Leif Munkelien frå Metalheads Against Bullying (MAB) stå på scena på Forandringshuset i Haugesund, for å setja fokus på mental helse i samband med mobbing.
Henriette Bøe har no sin base på Kjeller i Oslo, der ho går første året på vernepleie. Tysdag kveld vil ho og Leif Munkelien frå Metalheads Against Bullying (MAB) stå på scena på Forandringshuset i Haugesund, for å setja fokus på mental helse i samband med mobbing.

Fortel om dei vonde skuleåra

I morgon er Henriette Bøe (20) med i eit føredrag på Forandringshuset i Haugesund, i regi av to organisasjonar ho brenn for. – Eg er med for å visa korleis ei mobbehistorie kan sjå ut, seier Bøe, som har kutta dei fleste band frå trinnet ho gjekk i lag med i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Alle mobbiehistorier er unike, mi historie er kanskje ikkje tekstbok-eksempelet, fortel Henriette Bøe. Det er fem år sidan ho flytta for å gå på internatskule på vidaregåande, noko som blei ein ny start. På éin måte hadde ho det OK på skulen, sidan ho hadde medelevar å vera med, men over tid endra det seg.

– I fjor sommar fekk eg ein kommentar frå ei som gjekk på trinnet over meg. Ho sa at ho hadde sett at eg blei mobba, det blei ein døropnar for meg. Eg kunne kjenna meg mobba, og foreldra mine sa at eg blei utsett for mobbing, men dette blei ei stadfesting for meg, seier Bøe, som no er utdanna helsefagarbeidar.

Aktiv, men isolert

På ungdomsskulen var ho både Trivselsleiar (TL) og MOT-elev, men både her og heime isolerte ho seg for å flykta frå vanskelege situasjonar. Det blei ho og bøkene, og på skulen blei kvart ledige minutt brukt til å lesa, sjølv om ho eigentleg ønskte å vera med andre. Skulen på si side, fortalde til foreldra at det var jenta sitt eige ønske å vera aleine.

– Eg opplevde generelt dårleg miljø på blant elevane på trinnet, seier Bøe, som no gjerne vil bruka sine erfaringar for å hjelpa andre.

Kurs gjennom meinigheita

Bøe er den som har trekt i trådane for temakvelden, gjennom to organisasjonar ho er veldig glad i.

Den eine blei ho kjend med gjennom konfirmasjonstida, då ho fekk tilbod om å vera med på leiarkurs i regi av meinigheita, eit introduksjonskurs til den kristne barne- og ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM Haugalandet. Det var eit naturleg steg å ta, for ei som har vore med i speidaren i regi av same foreining. No er ho med som leiar, og medlem i kretsstyret i den KFUK-KFUM på Haugalandet.

Metalheads Against Bullying (MAB) er ein organisasjon som ønskjer å engasjera folket og metal-rockemiljøet i kampen mot mobbing, som Bøe blei medlem av for ei tid sidan.

– Ofte ein grunn

– Eg fann ut at eg ville jobba meir retta mot mobbing. Eg føler at dette er ein stad eg kan bidra, og hjelpa andre i situasjonar som er vanskelege, forklarar Bøe.

Det er ho, og grunnleggjar av MAB, Leif Munkelien som skal på scena i Haugesund i morgon. Programmet er først og fremst retta mot ungdom.

– Eg håpar at publikum sit igjen med at mobbing er mykje forskjellig, og det er ofte ein grunn til at nokon mobbar. Me vil også snakka om konsekvensane av mobbing, og kva ein kan gjera, anten ein er mobbar, eller blir mobba, seier 20-åringen, som grugler seg til morgondagen.

Powered by Labrador CMS