nyhende

Forsvaret kan ha bruk for bilen din

Eig du ein SUV, ein stor varebil eller traktor? Då kan du vera blant dei som får melding frå Forsvaret om at køyretøyet ditt kan bli rekvirert i ein krigs- eller krisesituasjon.

Publisert Sist oppdatert

Dei digitale meldingane går ut fredag, men kommunikasjonssjef i Forsvaret, Hans Meisingset, vil ikkje ut med kor mange av mottakarane som bur i Sveio.

Det er informasjon me ikkje vil gå ut med, seier Meisingset, som derimot fortel villig om kva Forsvaret er ute etter.

Også båtar og hus

– Det handlar mest om køyretøy til å transportera folk og materiell. Denne gongen blir det også sendt ut meldingar om førebudde rekvisisjonar av mindre fartøy og bygningar.

Når det gjeld bygningar, kan det vera bygg til å lagra eller reparera materiell, kontorplassar eller plassar til plassering av sjukestover.

Det er tredje gongen Forsvaret sender ut varsel som dette. I 2022 og 2023 gjekk melddingane ut til 4.000 eigarar av ulike køyretøy. Denne gongen kjem altså ein del meldingar om båtar og bygg i tillegg.

Få reaksjonar

– Får de nokre reaksjonar frå dei som mottar meldingane?

– I grunnen svært lite. Me får nokre feilmeldingar. Og så nokre spørsmål, særleg frå yngre menneske.

Meisingset seier Forsvaret er nøye med å skilja mellom førebuing av rekvisisjonar i fredstid og revisisjonar under ein krig.

– I krigstid kan Forsvaret rekvirera kva som trengs utan føregåande varsling, seier han. Og legg til at dette er eit bidrag til innbyggarane sitt bidrag til totalforsvaret av landet vårt.

Powered by Labrador CMS