nyhende

Oberst Eystein Kvarving, kommunikasjonssjef ved Forsvarets operative hovudkvarter, seier det er for tidleg å seie om Cold Response skal gjennomførast no som det har brote ut krig. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Oberst Eystein Kvarving, kommunikasjonssjef ved Forsvarets operative hovudkvarter, seier det er for tidleg å seie om Cold Response skal gjennomførast no som det har brote ut krig.

Forsvaret i høg beredskap

Forsvaret er i høg beredskap og gjekk gjennom planverket som følgje av situasjonen i Ukraina allereie før jul.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: – Før jul sette vi i verk nokre tiltak, som var å saumfare og sjekke samband, sjekke planverket vårt og auke vaktsemda. Det er for å vere sikker på at vi har kontroll i nærområda våre. Men vi har ikkje sett noko utanom det normale i nærområda våre, seier brigadar Eystein Kvarving, talsperson til forsvarssjef Eirik Kristoffersen, til Forsvarets Forum.

Russiske styrkar gjekk til angrep på Ukraina natt til torsdag. Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba skuldingar Russland for å ha gått til full krig.

– Dette er først og fremst ei sak som blir handtert politisk på høgaste nivå, seier Kvarving om Russlands angrep på Ukraina.

På spørsmål om øvinga Cold Response blir no gjennomført som det er brote ut krig, seier Kvarving:

– Det er for tidleg å seie, men vi har heile tida sagt at Cold Response går som planlagt.

Øvinga finn stad på Austlandet og i Nord-Noreg frå midten av mars. Forsvaret har heile tida presisert at øvinga har vore planlagd i fleire år, og at Russland er informert om aktiviteten.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS