nyhende

Mange unge får nyheiter frå sosiale medium. Illustrasjonsfoto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Mange unge får nyheiter frå sosiale medium.

Førstegongsveljarar er sårbare for desinformasjon

Under halvparten av unge oppsøkjer informasjon aktivt, og dei fleste får nyheiter gjennom sosiale medium, viser ny undersøking.

Publisert Sist oppdatert

– Algoritmane til plattformene gjer det umogleg å ha kontroll på kva slags informasjon ein blir eksponert for, og kva ein går glipp av. Når vi òg veit at algoritmane forsterkar innhald som skapar engasjement, og som kan vere falskt eller sterkt misvisande, blir dei unge særleg sårbare for påverknad frå feil- og desinformasjon, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i ei pressemelding.

I samband med valet i haust, har Medietilsynet undersøkt korleis ungdom orienterer seg når det gjeld samfunnsspørsmål og politikk.

Nesten åtte av ti mellom 17 og 21 år seier dei har tillit til redaktørstyrte medium, men likevel er sosiale medium den vanlegaste nyheitskjelda for dei fleste. Tre av fire får som regel med seg nyheiter frå sosiale medium, men berre fire av ti svarer at dei aktivt oppsøkjer informasjon sjølv.

Det vil seie at mange berre forheld seg til det innhaldet som dukkar opp i feeden, og dei oppgir at dei opplever det som krevjande å navigere i informasjonsstraumen.

I undersøkingane kjem det fram at mykje av innhaldet dei unge blir eksponert for, ikkje kjem frå avsendarar dei har valt å følgje, ikkje veit kven er eller korleis jobbar. Feeden er ei blanding av nyheiter, meining og reklame, som ikkje alltid er tydeleg merka.

– Det fører til forvirring og utryggleik kring kva avsendarar og kjelder som er til å stole på, påpeiker Velsand.

Powered by Labrador CMS