nyhende

Stasjonsmeister John Anders Semb tar imot nøklene til den nye tankbilen frå teknikar i HBR Jan Helge Johannessen.ALLE FOTO: HAUGALAND BRANN OG REDNING IKS
Stasjonsmeister John Anders Semb tar imot nøklane til den nye tankbilen frå teknikar i HBR Jan Helge Johannessen.ALLE

Første tankbil til Sveio brannstasjon

Publisert Sist oppdatert

Haugaland Brann og Redning  IKS har nyleg overtatt ein ny tankbil som er stasjonert ved stasjonen i Sveio.

Bilen til ca. 3,5 millionar kroner har ein vasstank som rommar 8.000 liter.

Mannskapene fekk opplæring på den nye brannbilen.

— Bilen er også utstyrt med vasskanonon og slangar for lange utlegg, fortel avdelingsleiar logistikk i Haugaland Brann og Redning Ragnar Løfstrøm.

Dette er den andre tankbilen Haugaland Brann og Redning har overtatt i løpet av det siste året. Den første blei levert til stasjonen i Ølen sist sommar.

Første kjøretur i «snøstormen»

Seinare dette året skal dei overta to mannskapsbilar. Den eine skal stasjonerast på Bokn, den andre i Skjold.

Det er første gong ein tankbil blir fast stasjonert her i kommunen.

— Den nye tankbilen representerer eit stort framsteg for Sveio, forklarar Løfstrøm.

Testing av vannkanon.
Powered by Labrador CMS