nyhende
Første runde går for skulesamanslåing
Fire av dei sju politikarane i HOK støttar rådmannen sine vurderingar. Dermed går alternativet om å smelta tre skular om til ein stor i nordre del av kommunen vidare som framlegg til vedtak frå første behandlingsrunde.
I forkant av møtet var det knytt spenning til kva fire av dei sju politikarane i HOK ville gå for å ha fem eller tre skular i Sveio framover, to frå Sveio Arbeiderparti, éin frå Sveio FrP og éin uavhengig. Etter det Vestavind kjenner til, har verken parti eller representantar gått ut med noko klart signal på kva retning dei vil gå når det gjeld mogleg samanslåing av skular.
Dei tre resterande representantane høyrer til Sveio MDG, Sveio Høgre og Sveio Senterparti, der signala til no har vore at dei ønskjer å behalda skulane. Dette stod dei for då saka blei behandla måndag kveld.
Framtidsretta skuletilbod
I rådmann Jostein Førre si vurdering, går det fram at han tilrår at det blir lagt til rette for eit betre tilbod til alle elevane ved skulane i Sveio, då må to av dei fem skulane bli lagt ned.
Rådmannen ønskjer å sikra eit godt skuletilbod til elevane i Sveio dei kommande åra, og trekk fram at det er nødvendig å ta grep no, skriv han i saka. Ved å slå Valestrand og Auklandshamn skule saman med Førde skule, vil det bli eit godt og framtidsretta grunnskuletilbod i den nordre delen av kommunen. I tillegg vil det føra til reduserte kostnadar – innsparinga kan gjera det mogleg å auka ressursane til skuleområdet samla sett.
Ni syn på saka
Då politikarane i HOK behandla saka, fekk dei først lest opp svar på ei lang rekke tekniske og informative spørsmål frå administrasjonen. Det gjekk på storleik på uteareal på Førde skule, kvifor rådmannen eventuelt ikkje vil leiga ut nedlagde skular til privat skuledrift, og kva som kan skje med bygdene dersom skular blir nedlagt.
Politikarane brukte over ein time på å leggja fram sine tankar og diskutera saka, alle fekk seia sitt, også dei to representantane frå Sveio ungdomsråd. Her er ein liten del av det som kvar representant fekk sagt:
Ingrid P. Furdal (Ap):
– I mitt hovud handlar det først og fremst om læringsmiljø og kvalitet i skulen. Få det beste ut av kvar elev, ei positiv utvikling i samspel med andre elevar, og lærarar – og foreldregruppa. Det er ikkje berre pengar det handlar om, men kompetanse, fagmiljø, å spela på lag, gjera kvarandre gode, og skapa ein attraktiv arbeidsplass, sa Furdal. Ho trekte også fram at ho opplevde saka som krevjande, med mange innfallsvinklar som berører mange.
John Kristian Økland (Høgre):
– Det er mykje ved saka som ikkje er beskrive. Det er basert på at det er ei skulepolitisk sak, men det er meir enn det som skjer i mellom tida klokka ringer inn og ut på skulen. Ein gløymer korleis det påverkar liv. Det kostar oss utruleg lite å vidareføra skulestrukturen me har – i forhold til kva me får igjen, sa John Kristian Økland, som lova at han hadde fleire spørsmål å koma med.
Andreas Sirevaag (Senterpartiet):
– Me er i gong med ei utarming av bygdene i mine auge. Å ta skulen også, vil fremja og påskynda ei utarming av Valestrand. Sveio kommune ønskjer levande bygder. Me i Senterpartiet ønskjer å satsa på bygdeutvikling – i alle dei levande bygdene i Sveio. Eg saknar eit større engasjement blant mange når det gjeld dei nære tenestene til unge, sa Andreas Sirevaag, som meinte at innsparinga i saka er alt for låg.
Tuva Økland (Sveio ungdomsråd):
Eg har gått på Auklandshamn skule, i eit godt og trygt miljø. Som ungdomsskuleelev blir det veldig lange bussturar til Sveio. Dagen eg vil slå meg til ro, vil det vera aktuelt for meg å flytta tilbake til Auklandshamn – viss skulestrukturen er oppretthalden.
Hans Ole Emberland (Sveio ungdomsråd):
– Eg synest skulestrukturen skal bli som den er. Eg gjekk på Vikse, i ein liten klasse, me var 12 elevar i ein periode. Eg hadde det kjempekjekt, eg var godt kjend med klassa. Om kommunen vil spara pengar, kvifor kan dei ikkje bygga veg frå Rophus til Vikse – då vil ingen på Rophus ha rett til buss, då sparar dei pengar.
Leif Sverre Haga (MDG):
– Eg trur me kan få mange fordelar med å leggja ned skular, men eg er bekymra over kor raskt det går, i eit rasande tempo. Er alt heilt gjennomtenkt? Om me beheld dagens struktur, er me bondefanga i neste omgang, med investering og rehabilitering på Valestrand oppvekstsenter. Eg trur ikkje me kjem utanom at skulane ryk før eller seinare, fordi utviklinga i Noreg er slik. Men tidspunktet er eg usikker på.
Stian Nygård (uavhengig):
– Me må sørga for å bruka ressursane me har best mogleg, slik at flest mogleg får det best mogleg. Det er mykje fokus på små skular som står i fare for å bli nedlagt. På same tid er det veldig lite fokus på nok ressursar i forhold til lærarnorma. Ein skule med fleire hundre elevar har knapt med ressursar, men nokon skular har vesentleg meir ressursar per elev. Det handlar om mest mogleg lærarkapasitet til flest mogleg, sa Stian Nygård.
Asle G. Halleraker (Ap):
– Ein skal ha verktøy for å meistra livet, og framtida i ei verd i stadig utvikling. Eg er overtydd om at sjansen for at elevane skal meistre dette, er betre på litt større einingar enn veldig små. Det handlar om vegval, tru og tvil. Eg vil styrka Førde skule med fleire elevar, større fagmiljø for lærarar, og større satsing på skulen for framtida i Sveio, sa Halleraker, og viste til at det finst levande bygder sjølv om skulen ikkje er der lengre.
Sølvi M. Vesterheim (Frp):
– Det er ei tøff verd der ute. Alle ungane må få same tilbod, ein må få mest og best mogleg undervisning. Den beste måten å bruka pengane på er å ha større skular med betre kompetanse.
Fire mot tre
Asle G. Halleraker, Ingrid P. Furdal, Sølvi M. Vesterheim og Stian Nygård gjekk for rådmannen sitt framlegg til vedtak, medan Leif Sverre Haga, John Kristian Økland og Andreas Sirevaag stemte for Høgre og Senterpartiet sitt framlegg til vedtak, som i korte trekk går ut på at skulebruksplanen skulle ferdigstillast utan endring i skulebruksplanen.
Det blei også vedteke at ei innsparing ved å endra skulestrukturen skal komma elevane til gode, etter forslag frå utvalsleiar Asle G. Halleraker. Dette var samrøystes.
Siste ord er ikkje sagt, saka skal også behandlast i formannskapet (22. mars) og kommunestyret (12. april).