nyhende

Første fat med whisky laga i Sveio

Torsdag var ein stor dag for det lokale brenneriet Hiernagla. Etter tre år med venting sto det første Sveio-laga whisky-fatet klart. Men om du ynskjer smake vert du nok skuffa. — Akkurat dette fatet vil nok bli liggjande ei stund til for modning, seier eigarane.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 24. november var det nøyaktig tre år sidan dei sat sitt første whisky-fat til lagring på destilleriet som ligg på Ekrene.

Modning

Tre rundar seinare rundt sola, og så vart det storslått feiring med smaking for stolte eigarar. Sjølv var dei nøgde, men om ein ynskjer å smake Sveio-whisky må ein dessverre smøra seg med litt meir tålmod.

— Akkurat dette fatet vil nok bli liggjande ei stund til for modning, men Hiernagla satsar på å lansere frå nokre av dei andre fata som snart vert tre år, ein gang til neste år, seier eigarane.

Inspirert i Skottland

For dei som ikkje kjenner historia til Hiernagla så byrjar den på andre sida av Norskehavet, i Skottland. På ein segletur langs nordvestkysten av landet, beit dei seg i merke at landskapet likna mykje samstundes som det var ein markant forskjell.

— Det var eit slott og eit destilleri i kvar gard, seier eigarane.

Det var det ikkje heime på Vestlandet, og slik fekk dei ideen om å starte eit destilleri sjølv.

Hiernagla sto klart i 2019 og deira første produkt vart lagra på fat den 24. november same år, eit produkt som no er ferdig sjølv om det ikkje ennå er til sal.

Powered by Labrador CMS