nyhende

1. november byrjar den nye kommunalsjefen jobben i Sveio kommune.
(arkivfoto)

Først ute med avtale om brannførebygging

Som den første kommunen på Haugalandet har Sveio signert ein avtale med Haugaland brann og redning IKS om brannførebygging for risikoutsette grupper. – Me er heldige som har fått nytta oss av den unike kompetansen dei har, seier Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

– Arbeidet går først og fremst ut på å kartleggja risikogruppene og vurdera kva tiltak som kan setjast inn hos den enkelte, seier informasjonskoordinator Morten Svandal i Haugaland brann og redning IKS.

Kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, fortel at det har vore ei arbeidsgruppe i sving med prosjektet sidan i fjor haust.

– Jon Håkon Næss har hatt hovudansvaret frå kommunen si side. I tillegg til å jobba saman med Haugaland brann og redning, har også folk frå ulike avdelingar i kommune bidrege undervegs, sett på behov og vore med på å jobba fram vegen vidare, seier Toft.

Unik kompetanse

Kartlegging av risiko er kommunen sitt ansvar, men kommunalsjefen er godt med nøgd med drahjelpa dei har fått av Haugaland brann og redning undervegs i prosessen.

– Me er heldige som har fått nytta oss av den unike kompetansen dei har. Dei bistår med det me ønskjer, og me ser fram til det vidare samarbeidet, seier Toft.

Særskilt risikoutsette grupper er mellom anna pleietrengande og eldre som bur heime, innvandrarar, arbeidsinnvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar, personar med nedsett funksjonsevne både fysisk og psykisk, rusmisbrukarar og personar med utfordringar innan psykisk helse. Alt dette ifølge ei pressemelding som Svandal har sendt ut.

Treng hjelp for å bu heime

– Dei fleste vil nok bu heime lengst mogleg. Problemet oppstår når tryggleiken ikkje er i samsvar med evna til å bu, seier Svandal.

Kartleggingsarbeidet er kommunen sitt ansvar, medan Haugaland brann og redning IKS kan koma inn med opplæring og rådgiving.

Aktuelle tiltak kan vera slikt som automatiske slokkelandlegg i omsorgsbustader og institusjonar, mobile vasståkeanlegg, tryggleiksalarm kopla til røykvarslar, komfyrvakt og såkalla komponensikring. I sistnemnde tilfelle blir elektrisk utstyr kopla ut når det blir oppdaga ein farleg situasjon.

Noko av bakgrunnen for avtalen er det faktum at ni av ti som mistar livet i brann, opplever dette i eigen bustad. Av dei som mistar livet, er tre av fire i ei av risikogruppene, fortel Svandal. Han rosar Sveio for å vera først ute med å signera ein avtale av dette slaget.

Powered by Labrador CMS