nyhende
Først ut i årets «Alle Mot 1»
Laurdag er det sesongpremiere for det populære underhaldningsprogrammet Alle Mot 1 på NRK1. Og det er ein sveibu og familien hans som skal i elden på direkten.
— Eg kjenner litt på at eg skal vere med på sjølve sesongopninga for Alle Mot 1. Tenk om det er anmeldarar som trillar terning på programmet, også er dei misnøgde slik at NRK mistar dei fleire hundre tusen sjåarar fordi eg ikkje leverte varene, ler Asle Georg Halleraker.
Alle-mot-1 hadde over 900.000 sjåarar i gjennomsnitt i fjorårets sesong. I kvart program er det éin deltakar i studio som skal gjette mot resten av Noreg på resultatet av ei rekke nokså spektakulære eksperiment. Nokre av oppgåvene det skal gjettast på skjer direkte i studio, andre er spelt inn på førehand med programleiarane Selda Ekiz, Victor Sotberg og Thomas Engeseth. I potten ligg ein premie på inntil 100.000 kroner.
Vestavind har tidlegare skrive at det var Asle si dotter Madelen (13) som tok initiativ til at faren skulle melde seg på. Ho skal vere med på scena og saman med søstera Kairo og mora Monika skal ho vere eit av «hjelpemiddel» som pappa Asle kan lene seg på for å gjette best mogeleg. Lokalpolitikaren og læraren frå Sveio tar i tillegg med seg familie og vener til Fornebu og studioet kor sendinga får direkte frå.
Det er til saman 16 familiemedlemmar og vener som tek turen. Dermed blir det også ein solid heiagjeng i studio. Mellom anna tek han med seg mor si, og to av tre søsken med familiar.
— Me reiser på fredag og blir til sundag, fortel han.
«Høgdetrening»
No har han førebudd seg så godt han kan, og kjenner seg trygg på at han i alle fall ikkje skal gå same type smell som enkelte utøvarar i vinter-OL nyleg opplevde i fjella i Kina.
— Eg har ligge i høgdetrening i Vestre Kringsjå 25 i fleire veker, så eg har kontroll på O2-opptaket, spøkar han.
Alle Mot 1 tek over som hovudprogram på NRK1 laurdagskvelden etter at Melodi Grand Prix har lagt beslag på seks laurdagskveldar på rad, og kor sveibuen Jostein Austvik og hans rosa flamingoar i bandet Trollfest hang med ei god stund. Dei røyk ut i Sistesjansen, men Austvik fekk vere med i sendinga laurdag likevel, då han fekk æra av å presentere røystene frå Vestlandet i finalesendinga.
Frir til sveibuen
Hallerekar håpar at sveibuen er klar til å gjette på dei same oppgåvene han får i Alle-mot-1appen, og at svara deira er noko lunde representative for resten av landet når han skal gjere sin vurderingar.
No kryssar han fingrane for at han held seg frisk fram til laurdag.
— Eg jobbar jo midt i ei «smittebombe» på Skåredalen skule i Haugesund. Men om eg skulle få symptom og må kaste inn handkleet har eg fått beskjed om at eg skal få vere med i eit av dei neste 8-9 programmane dei skal sende, fortel han.
— Kva gjer du om du vinn ein god slump pengar?
— Er eg så heldig, så må dei bli bidrag til ei familiereise, seier han.