nyhende
Forslag til fine påsketurar
Bruk påska til å koma deg ut. Sveio har mange turstiar å by på, og her får du tips om nokre av dei.
Ho vil nok nekta for det sjølv, men Elisabeth Hauge Bakke må med rette kunna kallast turdronninga i Sveio etter mange års arbeid for Sveio turlag. Vestavind gav henne utfordringa å finna ein lett tur, ein middels tur, ein krevjande tur og ein spesiell tur, slik at flest mogeleg finn ein påsketur eller tre som freistar.
Det vart ikkje lett, for ho har så mange turar ho likar. Her er Elisabeth sine påsketurforslag:
Grunnavåg, ein svært lett tur
Parkering og turstart ved avkøyrsle til byggefeltet Kvitaneset sør for Buavåg. Følg grusveg og sti eit kort stykke ned til den fine stranda i Grunnavåg. Fin tur for mellom andre småbarnsfamiliar.
Bua – Loknapollen – Loknakvedno, lett tur
Turen startar på kaien i Buavåg. Ved vegskille tar du av til venstre og følger Buavegen om lag 400meter fram til ein pumpestasjon. Ved innkøyrsla til gardsvegen ser du skiltet «Tursti Lokna», og skiltet «Lokna» på ei løe etter om lag 150 meter. Gå gjennom grinda og nedover i terrenget til idylliske Loknapollen, der du kryssar elva over ei steinbru.
Etter om lag 400 meter på Loknavegen (grusveg) følger du skiltet «Kvednhus» og kjem inn på ein gardsveg og forbi eit gamalt eldhus og gardshus. Følg merka sti vidare til Loknakvedno, som ligg like ved Tjernagelvegen, og attende til Buavåg.
Delar av stien er den gamle skulevegen mellom Lokna og Bua. Gangtid om lag 1,5 timar. NB: Det kan vera dyr i beiteområdet. Minnar derfor om at hundar må vera i band.
Frå Drange til Storestraumen ved Rødspollen, lett tur
Parkering og turstart frå løa til Trond M. Orvedal, Tittelsnesvegen 628. Om lag 2,5–3 timars tur på skogsveg og merka sti i lett kupert terreng ned til Storestraumen. Rødspollen Velforening har lagt til rette denne vandringa.
Meir krevjande tur
Trollavassnipen (432 m.o.h.) er det høgste toppen i Sveio. Etter avkøyring til Valevåg frå E39 køyrer du mot Tittelsnes. Den mest brukte stien startar frå Kleiva ungdomshus, Einstabøvoll, der du kan parkera. Denne turen startar bak ungdomshuset og går bratt opp gjennom skogen før terrenget flatar ut før du kjem over nokre våte parti og i meir bratt terreng opp mot toppen.
Dersom du startar frå Bjørgavegen og følger Vannverksvegen opp til Fjellstemmen, blir turen noko mindre bratt og krevjande enn frå Kleiva. Om lag 2,5–3 timars tur.
Spesiell tur
Elisabeth anbefaler festningsområdet og bunkerane på Nesheim i Eltravåg. Parkering ved brei vegskulder langs Gullvegen. Du kryssar denne mot vest og kjem på oppsida av Sletto hyttefelt. Vidare går du på ein gamal kjerreveg — den opprinnelege vegen mot Buavåg.
Når du har passert ein gjerdeklyvar er du inne i sjølve festningsområdet som bestod av mellom anna fire godt utbygde hovudkanonstillinger. Dette er ei historisk vandring i lett kupert terreng på sti og grusveg.
Kjelde: Geir Birger Haug. Han har i samarbeid med mellom andre Sigmund Salomonsen bidrege til boka «Eltravåg og Bua 1940 – 45 / Minner fra krigsårene 1940 – 1945».
Grøn resept
Har du lyst til å gå på tur, men treng litt hjelp for å koma i gong? Då kan løysinga vera å bli med i Sveio turlag. Dei er allereie i gang med vårsesongen av Grøn resept.
— Me starta 19. mars i skikkeleg snødrev. Noko eg aldri har opplevd før på første turen om våren. Det kom likevel ein del, og det er berre å kle seg etter vêret og koma. Grøn resept-turane blir annonsert under «Kva skjer i Sveio» i Vestavind. Det finn du når, kvar og annan informasjon om kvar enkelt tur, seier Elisabeth Hauge Bakke.
Kommande turar fram til sommaren
- 18. april: Rundtur i Førde.
- 23. april. Historisk rundtur på Lykling, Bømlo.
- 25.april: Fjon – Vigdarvatnet – Kvalvåg.
- 9. mai: Rundtur på ny tursti i Ryvardenmarka.
- 14.mai: Trollavassnipen (432 m.o.h.).
- 23.mai: Rundtur Fjellstad – Sandvatnet – Åsetjørna og Steinatjørna.
- 4.juni: Vibrandsøy. Båten går frå Indre kai i Haugesund.
- 11. juni: Dagsturhytta på Alvanuten (224 m.o.h.), Aksdal i Tysvær.
- 13.juni: Sesongavslutning og grillkos i Grunnavåg.