nyhende

Forslag om bandtvang engasjerer heile katte-Noreg

Det er full fyr i sosiale medium etter at ein ny rapport slår fast at kattane våre tar livet av millionvis av fuglar kvart år. Nokre meiner no at katten må finne seg i å gå med band slik som hundane, medan andre meiner dette er i strid med katten sin natur. Kjenslene er sterke på begge sider.

Publisert Sist oppdatert

Journalist Shazia Majid har nettopp skaffa seg katt og er rett og slett blitt ei kattedame, med alt det inneber av kjensler. Nyleg la ho ut bilete av den firbeinte nykomlingen på Facebook og spurde følgjarane sine kva dei syntest om å setje band på katten. Og med dette sette ho fyr på kommentarfeltet. For ingen har eit likegyldig forhold til kattehald.

– Skremmande

– Det har vore litt overveldande og nesten litt skremmande med det enorme engasjementet. Elles har eg lagt merke til at dei fleste er i mot å gå med katten i band, seier den nybakte kattemora til Nynorsk pressekontor.

Nå kosar ho seg med det nye familiemedlemmen, og er blitt akkurat så tullerusk og full av kjærleik som ho hadde håpa på. Snart skal ho bestemme seg for om pelsdotten skal gå i band eller ikkje.

– Ikkje skapt til å gå i band

Ei av dei som har kasta seg inn i debatten, er Britt Grytnes frå Stavern. Ho har vore katteeigar i 24 år og har hatt tre kattar så langt. Ho blei anbefalt å lufte kattane i band og gjorde eit tappert forsøk på dette med ein av kattane sine.

– Då ho fekk på seg selen la ho seg ned sidelengs og nekta å gå. Dette var tydelegvis under hennar verdigheit. Då vi tok av henne selen spratt ho opp med halen til vêrs. Du kan ikkje samanlikne kattar med hundar. Kattar er meir sjølvstendige og er ikkje skapt for å gå i band, meiner Grytnes.

Drep millionvis av fugl

Hald av tamkatt medfører høg risiko for negative effektar på biologisk mangfald i Noreg, heiter det i ein rapport frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM).

Den mykje omtalte rapporten konkluderer med at Noregs anslagsvis 690.000-870.000 tamkattar skadar og drep mellom 21 og 68 millionar byttedyr årleg.

– Vi har rekna ut at det utgjer mellom fire og 14 millionar skadde og drepne fuglar, og mellom 13 og 43 millionar pattedyr. Rundt 75 prosent blir tatt av eigde kattar, seier fagleg leiar Erlend Nilsen.

– Må byrje tidleg

Bjarne O. Braastad er professor emeritus i etologi, og har vore med i komiteen som har kome med rapporten.

– Det er ingen tvil om at kattar tar mykje fugl, sjølv om tala er ganske usikre når det gjeld eksakt kor mange fugleliv som går tapt.

Han meiner det er fullt mogleg å ha kattar i band dersom ein byrjar tidleg med dette. Han peikar også på at det er mange tiltak for å avgrense skadeomfanget.

– For nokre kan det vere riktig å lage ein innhegning eller halde katten inne i mai og juni når det er mange fuglungar. Men det enklaste er å bruke ein fargekrage som gjer katten synleg for fuglane.

Proffesoren har sjølv ein innekatt som ikkje jaktar, men har hatt andre kattar tidlegare som har tatt for seg av fuglar og smågnagarar.

– Set band på katten

Ein av dei som gjerne set band på katten er stortingsrepresentant og ivrig naturvernar, Rasmus Hansson.

– Det er nulltoleranse for at hundar fyk rundt og drep dyr. Kvifor let vi kattane springe fritt og drepe sju millionar fugl i året, undrar han.

Hansson har sjølv hatt lause kattar, men seier vi no må tenkje nytt skal vi unngå at småfuglane blir raudlista.

Landbruksministeren vil ikkje ha bandtvang på katt

Også landbruksminister, Geir Pollestad er opptatt av småfuglane, men han meiner at bandtvang på kattar ikkje er vegen å gå.

– Det er korkje realistisk eller ønskjeleg at kattar skal gå i band. Kattar må gå lause, seier Pollestad til Nynorsk pressekontor.

Han er likevel oppteken av at ein må ta vare på småfuglane.

– Skal det vere realisme i tilnærminga til å redusere tapa av småfugl i norsk natur, vil eg ikkje føreslå forbod eller påbod som eg ikkje trur det er aksept for eller mogleg å gjennomføre i det verkelege livet. Eg har mykje større tru på å appellere til eigarar om å hugse på småfuglane viss dei vil sleppe katten sin ut. Eg vil derfor oppmode katteeigarar til å tenkje på kva dei sjølv kan gjere for at ikkje Pus skal komme attende med fjør i munnen, seier han, som sjølv har katten Lars som ikkje likar seg ute og dermed ikkje går på jakt.

Noorie skal prøve band

Etter å ha følgt med på debatten i ei vekes tid har den nybakte kattemora, Shazia Majid, funne ut at ho gjerne vil prøve å la katten Noorie gå i band. Katten hennar skal helst vere inne, og ho er redd for at den også kan bli skadd i trafikken når han er ute på eigahand.

– Hundar er jo heller ikkje skapt for å gå med band, så dette trur eg er mogleg å venne katten til. Eg trur faktisk eg vil prøve å sjå korleis dette går, seier Majid.

Powered by Labrador CMS