nyhende

Kan kulturarv bidra til å løyse naturkrisa, klimakrisa og arealpresset? Gamle naust som dette på Bulandet i Vestland, kan få nytt liv og bli ein viktig ressurs for både natur og lokalsamfunn, meiner forskarar.

Forskarar vil ha liv i gamle naust og stølar – for å spara natur og utslepp

Medan me byggjer ned natur i høgt tempo, står hundrevis av kulturhistoriske bygningar ubrukte og forfell. No vil forskarar få slike bygg tilbake i bruk – som ein del av løysinga på både arealpress, klimautslepp og fråflytting.

Publisert

På berre elleve år er 540 kvadratkilometer omdisponert til bustader, fritidsbustader og næringsbygg her i landet. Samstundes peikar forskarar på at mykje av behovet kan møtast ved å ta i bruk eksisterande bygg, som naust langs kysten og stølar i fjellet.

– Me har eit enormt arealpress i Noreg. Samtidig lèt me verdifulle bygningar forfalla, sjølv om dei kunne vore tekne i bruk igjen, seier seniorrådgivar i Sintef Lillian Sve Rokseth i ei pressemelding.

Store tap av kulturarv

Mange av bygningane er ein viktig del av kulturarven, men tala viser rask nedgang: 30 prosent av norske naust og 18 prosent av stølsbygningane er borte sidan registreringane på 1970–90-talet. I dag er berre 740 stølar framleis i drift.

– Desse bygningane er del av historia vår, men dei kan òg bli del av framtida. Gjenbruk kan både bevara kulturarven og redusera behovet for nybygg, seier Rokseth.

Forskningsprosjektet CONCHE ser på korleis kulturarv kan bidra til å løyse naturkrisa, klimakrisa og arealpresset. Prosjektet er styrt av Sintef i samarbeid med TØI, Norsk institutt for naturforskning (NINA), den internasjonale organisasjonen ICCROM, Buskerud og Vestland fylkeskommune – og lokale eldsjeler som foreininga Nytt i Naust.

Gardsbutikk og overnatting

Forskarane skildrar gjenbruk som å gi eksisterande bygg nye funksjonar: Eit naust kan bli gardsbutikk, eit stølshus kan gi enkel overnatting, og fråflytta småbruk kan nyttast til læring, turisme eller lokal næring.

Poenget er ikkje berre å ta vare på historia, men å kutta klimagassutslepp og ressursbruk.

– Kvar gong me byggjer nytt, bruker me store mengder materiale, energi og areal. Ved å bruka det som allereie finst, sparer me både natur og klima, seier Rokseth.

Fragmentert ansvar

Eit hinder er at ansvaret ofte er delt mellom fleire forvaltningsnivå og ulike regelverk, som naturmangfaldlova og kulturminnelova. Samstundes har både utbyggjarar, lokalsamfunn, reiseliv og miljøinteresser sterke meiningar om korleis områda bør brukast.

– Me ser at mange ønskjer det same; mindre naturinngrep og levande bygder. Men avgjerdene blir ofte vanskelege fordi ansvaret er fragmentert, seier Rokseth i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS