nyhende

Ikkje skru av all varmen når du reiser ifrå huset om vinteren. Det kan verta dyrt. Foto: Frende forsikring / NPK
Ikkje skru av all varmen når du reiser ifrå huset om vinteren. Det kan verta dyrt.

Forsikringsselskap: – Ikkje reis frå kaldt hus

Å reisa frå eit kaldt hus i minusgrader, kan medføre store skader og dyre reparasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Frende forsikring i ei pressemelding. I store delar av landet vil det vera veldig kaldt i tida framover, og om vatn frys i røra, kan det føra med seg særs omfattande vasskader.

10 grader

– Lat litt varme stå på i hytta eller huset ditt om du skal reisa vekk. Tenk at det iallefall burde vera ti grader. Det tar berre nokre minutt å sørgja for at det er litt varme på, og det kan spara deg for store og dyre skadar som tar lang tid å fiksa, seier kommunikasjonassjef i Frende Heidi Tofterå Slettemoen.

Det kan ogso vera lurt å stengja hovudkranen. Det kan sikra deg mot særs dyre skader.

2,9 milliardar

I fjor kosta vasskader i snitt over 50.000 kroner å fiksa.

– Det seier litt om kor ekstremt dyrt det er når det fyrst skjer. Dette er ikkje ein skade du vil gå inn i det nye året med, seier Slettemoen.

I 2025 kom det, ifølgje Finans Norge, inn over 50.000 vasskader til norske forsikringsselskap, med ein totalt kostnad på kring 2,9 milliardar kroner.

Powered by Labrador CMS