nyhende
Forlenging av Hauglandspakken kan gi nye Sveio-kryss
Innkrevjingsperioden for Haugalandspakken kan bli forlenga. Det kan gi pengar til fleire utbetringar av kryss på fylkesveg 47.
Noverande innkrevjing i Haugalandspakken starta opp 1. juli 2008, og skulle etter planen bli avslutta 30. juni i år. Men no skal alle kommunane i Haugalandspakken, inkludert Sveio, ta stilling til om ein skal søkje om å få forlenge perioden, fram til planlagt innkreving av bompengar til ein ny planlagt bypakke for Haugesund og Karmøy trer i kraft, og maksimalt fram til 31. desember 2026. Det er styringsgruppa for Haugalandspakken som har tatt initiativ til å greie ut mogelegheita for å forlengje innkrevingsperioden.
Behovet for ei forlenging av innkrevjinga er mellom anna grunngjeve i at det vil vere uheldig å få eit kort opphald i innkrevjinga mellom dagens pakke og ein eventuell bypakke. Det er også på det reine at alle ønskja ikkje er oppfylt i inneverande pakke. Sveio er mellom kommunane det har drope minst på så langt, trass i at sveibuane må betale når dei passerer bommane på Gard.
Rophus-undergang
Det er frå før planlagd ein undergang for mjuke trafikantar ved Rophus-krysset. Det ligg som i forslaget inne i ein låst portefølje i prosjektet. Men ved ein forlenging av perioden er tanken om at ein såkalla bufferkonto skal kunne gi midlar til fleire mindre prosjekt.
Sveio sin del vil vere på om lag 30 millionar kronar. I eit brev som som prosjekteigar Rogland fylkeskommune har sendt kommunane, og som er datert 17. januar, heiter det at Sveio kommune ikkje ønskjer å konkretisere buken no, men heller gjere eit forarbeid før det blir tatt endeleg stilling til kva kryss eller tiltak som gjennomførast.
— På den måten kan Sveio kommune og Vestland fylkeskommune som vegeigar ha ei hand på rattet med tanke på kva tiltak dei til slutt ønskjer å prioritere.
To kryss
Sveio-rådmannen peiker i sitt framlegg til formannskapet mellom anna på nytt Ekrene-kryss, som kommunestyret gjorde vedtak om i desember. Då blei rådmannen beden om å snarast starte arbeidet med omregulering av to-plankrysset til eit moderne og kosteffektiv kryss som er i stand til å møte trafikkbiletet på Ekrene i framtida. Dette knytt til utvikling av både næring og bustadar på austsida av fylkesveg 47, samstundes som det må sjåast i samanheng med eksisterenda veg til Rophus, fylkesveg 4980 (Gullvegen) og områdeplan for Ekrene vest.
— Om Haugalandspakken blir forlenga, og Sveio kommune prioriterer dette prosjektet saman med fylkeskommunen, kan omregulering av kryss finansierast av prosjektet, skriv rådmannen i sitt framlegg i saka.
Eit anna døme på kryssutbetring, som er ferdig regulert i Sveio, kan vere utbetring av nordre kryss til Sveio sentrum, skriv rådmannen.
Saka kjem opp for formannskapet i Sveio førstkomande måndag.