nyhende

Vågedalen blir delvis stengt tirsdag. FOTO: PRIVAT
Vågedalen blir delvis stengt tirsdag.

Forlenger stengetida i Vågedalen

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune melde måndag på si nettside at vegen gjennom Vågedalen skulle vere stengt på dagtid måndag, tysdag og onsdag denne veka. Dette grunna vegarbeid.

No er det klart også torsdag og fredag held vegen stengt på dagtid.

— Ein nabo skal felle nokre større tre nær vegen, og i samband med det er det naudsynt å stenge vegen, opplyste kommunalsjef Kenneth Tollefsen i Sveio kommune til Vestavind måndag.

Dei som bruker «snarvegen» mellom fylkesveg 47 og fylkesveg 4980 til og frå Vikse må dermed finnes seg ei anna rute.

Vegen gjennom Vågdalen vart nyleg oppgradert med gatelys, fartshumpar og utbetringar langs Vågeelva.

Powered by Labrador CMS