nyhende

Første byggetrinn frå Kvalvågnes mot Fjon er vedteke. Skjermdump frå kart i saka, utarbeida av Omega.
Første byggetrinn frå Kvalvågnes mot Fjon er vedteke. Skjermdump frå kart i saka, utarbeida av Omega.

Forlengar vassleidninga frå Kvalvågnes

Det er vedteke å leggja 600 meter ny kommunal vassleidning frå Kvalvågnes mot Fjon til ein kostnad på 2,2 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret har godkjent at innbyggjarar på Fjon skal få tilbod om kommunalt vatn. I første omgang er det 600 meter på ein ukomplisert trasé det dreier seg om.

På same tid har eit fleirtal av politikarane gitt eit klart signal til rådmannen, som går ut på at framtidige planar som vedrører strategi og økonomi innan vatn, avløp og renovasjon (VAR), tar omsyn til sjølvkostprinsippet, og at desse ikkje blir lagt fram før dette er avklart, eller gitt dedikerte løyvingar frå kommunestyret.

Få inntekter

Det er venta inntekter frå 12 nye abonnentar som vil betala rundt 240 000 kroner i tilkoplingsavgifter. Isolert sett, er det ikkje det særleg høgt i forhold til investeringa. Kommunen håpar at nokre fleire enn det som er estimert finn ein måte å knytta seg på det kommunale anlegget, står det i saka.

Sveio kommune har vore i kontakt med dei fleste grunneigarane i området og dei aller fleste har ytra stort ønskje om å knytta seg til kommunalt vatn.

Forsvarleg

– I tillegg ønskjer ein å kunne tilby fleire med dårleg privat drikkevasskvalitet offentleg vatn. Fleire grunneigarar i området får vatn frå Vigdarvatnet, som dei seinare åra hatt årleg oppblomstring av blågrønnalger som ikkje kan reinsast. I tillegg er det tidvis koliforme og e-coli bakteriar i Vigdarvatnet, skriv rådmannen i si grunngjeving.

Sjølv om prosjektet ikkje er sjølvkost, meiner rådmannen det er forsvarleg å gjennomføra utvidinga av det kommunale vassleidningsnettet.

Powered by Labrador CMS