nyhende

I Noreg er vasspestplanta spreidd til nærare 60 innsjøar og 13 større/mindre elvestrekningar, i hovudsak på Austlandet (2019). Denne vasspestplanta veks i Vigdarvatnet.
I Noreg er vasspestplanta spreidd til nærare 60 innsjøar og 13 større/mindre elvestrekningar, i hovudsak på Austlandet (2019). Denne vasspestplanta veks i Vigdarvatnet.

Forhatt plante klarar ikkje å etablera seg over alt

Vasspest klarar ikkje erobra Vigdarvatnet – til det er vatnet for djupt.

Publisert Sist oppdatert

I 1925 blei det for første gong registrert vasspest (Elodea canadensis) i Noreg, og i 2011 var planta etablert både i Åsevatnet og Vigdarvatnet.

Vasspest vert sett på som eit trugsmål fordi den konkurrerer med stadbundne planter om lys og næring, og lett fortrenger desse.

Dei som veit mykje om tilstanden i vatnet er Vigdar grunneigarlag som forvaltar vatnet, og brukarane elles.

– Vasspesten har vore i Vigdarvatnet lenge, men grunnen til at tilstanden i vatnet likevel er så bra som den er, er at vatnet er djupt, ned mot 70 meter på det meste. Planta trivst nemleg ikkje på djupna, men kan etablera seg og bli svært plagsam i vikar og elles der det er grunt. Faktorar som gir oppblomstring er stille vatn og høg temperatur, for ein del år tilbake var det store mengder vasspest enkelte stader og me hadde fleire oppreinskingsaksjonar, opplyser Harald Mundal, grunneigar på Tveit.

Til alle tider har det vore stor aktivitet knyta til Vigdarvatnet. Dette bildet er frå Tveit.

Komen for å bli

Leiar i Vigdar grunneigarlag, Hans Reidar Tveitaskog, fortel at han i år ikkje har observert vasspest heime på Tveitaskog der han bur.

– Når vasspest først er etablert, vil den dukka opp med jamne mellomrom, det er eit permanent problem og har blant anna med temperatur å gjera, seier Tveitaskog.

Det viktigaste arbeidet ein kan gjera, er å ikkje spreia vasspest vidare. Tveitaskog minner om at det er ein allmenn regel at fiskereiskap og båtar må vaskast når ein flyttar frå eit vatn til eit anna for å unngå at planta spreier seg.

Påverkar resten av livet i vatnet

Ifølgje Statens naturoppsyn (SNO) er vasspest ei undervassplante med 1-3 meter lange skot og lever nedykka i vassmassane. Den kan vera rotfesta eller frittflytande. Planta spreier seg som avrivne skotbitar, anten med vatn eller ved hjelp av menneske. Planta er ikkje giftig.

Korleis vasspesta har kome til Sveio-vatna kan ein ikkje vita, men ein teori er at nokon har tømt akvariet sitt, og på den måten etablert vasspest utan å vera klar over det. Planta, som høyrer heime i Nord-Amerika, kunne ein nemleg få kjøpt i butikken tidlegare.

Mange organismar som fisk, fugl, insekt og krepsdyr er knyta til vassplanter, anten som skjulområder eller som næring. Når dei opprinnelege plantane forsvinn og blir erstatta av vasspest, kan dette verka negativt inn på dei andre artane.

Powered by Labrador CMS