nyhende
Forfattar Anders Totland kjøpte bil for å promotere ny bok
Med eit uvanleg bilkjøp tar forfattar Anders Totland med forteljinga om Jacob Juul på hjul.
Til hausten skal forfattar Anders Totland, som bur på Valen i Kvinnherad, legge ut på noregsturné for å promotere den nye boka si, «Til døden skil oss». Boka er ein oppfølgjar til den populære «Til jord skal du bli» om den pensjonerte presten Jacob Juul.
Sveio er ein av dei første plassane Totland skal innom. 19. august besøker han Eventyrlig, og i november skal han ha eit arrangement på Sveio folkebibliotek.
– Boka er ein frittståande oppfølgjar der handlinga er lagt til eit halvt år etter den første. Det er altså den varmaste sommaren i manns minne, og det skal feirast bryllaup, men så dukkar det opp litt forviklingar igjen, seier Anders Totland til Nynorsk pressekontor
På framsida kan ein sjå ein raud Volvo, ein bil som skal spele ei litt viktig rolle i oppfølgjaren, men som òg har ei sentral ei i denne historia.
«Promobil»
– For eit par veker sidan fekk eg ei melding frå naboen min, Ståle Eskeland, som òg er forfattar. Ei melding med ei lenkje der det berre stod eitt ord; «promobil». Eg trudde først det stod «pornobil», og eg sat der med ungane mine og tenkte det var litt upassande, fortel Totland.
Utpå kvelden freista han seg likevel til å trykkje på lenka til Finn-annonsen, og fekk opp ein bil som såg nesten heilt ut som den på framsida av boka.
– Promobilen frå Finn-annonsen er nok litt eldre enn den på coveret, men det er likt nok. Eg fekk umiddelbart kjempelyst på bilen, men problemet er at eg kan veldig lite om bil, korkje ny eller gammal, forklarar forfattaren.
Avgjersla blei tatt ved å spørje vener og kjente.
– Alle var positive
– Ingen tok den fornuftige posisjonen med å seie at eg burde la vere, alle var positive. Til og med kona mi sa berre «køyr på», så då bestemte eg meg for å gjere det.
Dermed møtte Totland opp i Hønefoss saman med sonen for å hente ein 45 år gammal Volvo han ikkje hadde sett på førehand.
Ifølgje han sjølv hadde seljaren av bilen kommentert at han lurte på kva slags tulling det var som på ein laurdagskveld kjøpte ein bil på andre sida av landet, usett og som takka nei til å komme å prøvekøyre han først. Og dessutan kom å henta han to dagar seinare.
– Då måtte eg legge korta på bordet og seie at det er ein sånn tulling som meg, seier den nybakte Volvo-eigaren.
Norsk western
Forfattaren skildrar oppfølgjarboka som eit sjangeroverskridande prosjekt.
– Somme kallar det for komedie, medan andre meiner det er thriller. Sjølv meiner eg at den er litt av alle dei tinga, og eg likar å kalle den for ein «rølpethriller», forklarer han og utdjupar:
– Så det er litt som stemninga i dei gamle westernforteljingane, berre at handlinga er sett i det norske landskapet, som nesten er som ein karakter i seg sjølv.
Og det er også det norske landskapet som står i fokus når Totland legg ut på turné over heile Noreg med den raude Volvoen.
200 bokhandlarar
– Målet er at vi skal innom opp mot 200 bokhandlar med bilen, og forhåpentlegvis få litt blest rundt boka samstundes, fortel han.
Han er ikkje bekymra for at bilen skal ta kvelden undervegs.
– No har bilen halde det gåande i 45 år, så eg har trua på at han vil vare i alle fall i fem år til!
I samband med den nye boka har forfattaren fått spesiallaga kapsar med bilete av bilen på. Desse har han tenkt å gi til dei som spør, kan han avsløre.
Når nytt publikum
«Til døden skil oss» er Totland si 17. bokutgjeving, men ifølgje forfattaren har historia om Jacob Juul nådd ut til ei breiare målgruppe enn tidlegare.
– Eg har eit inntrykk av at det eg har skrive før hovudsakeleg har nådd ut til folk som er opptekne av litteratur frå før, men med «Til jord skal du bli» opplevde eg å nå ut til eit heilt nytt publikum, noko eg er veldig fornøgd med.
Fleire gonger har forfattaren opplevd å få tilsendt bilete av menn i arbeidsbukse som les boka på sofaen med ei øl eller ein cola på bordet. Han seier òg at han har fått meldingar frå vaksne som seier dei ikkje har lest ei bok sidan vidaregåande, men at dei har lese boka hans på ein eller to kveldar.
Leselyst for vaksne
– Det er mykje snakk om leselyst for barn og unge, men eg er litt oppteken av leseglede for vaksne òg eg. Eg vil at det skal gå an å finne litteratur som ikkje er glansa magasin og berre lett underhaldning, men som heller ikkje er dødsseriøst, forklarar Totland.
Totland håpar den nye boka kan inspirere til å lese meir, og kanskje gå på eit arrangement på eit bibliotek i tillegg.
Som til dømes hans eigne arrangement på turneen.
– Eg håpar det kjem folk som kanskje ikkje elles ville gått på eit litteraturarrangement, om det er for å høyre om boka eller berre kike under panseret på bilen så er dei veldig velkomne!