nyhende

– Nokon må seia det høgt, sa Olav Østebø Olsen (SV). Så introduserte han forslag om å gjeninnføra eigedomsskatt i Sveio.Foto: Morten Vågset Møller
– Nokon må seia det høgt, sa Olav Østebø Olsen (SV). Så introduserte han forslag om å gjeninnføra eigedomsskatt i Sveio.

Foreslo ny innføring av eigedomsskatt

Olav Østebø Olsen (SV) vil at Sveio skal gjeninnføra eigedomsskatt for å betra kommunen sin økonomi. Det kan gi ei meirinntekt på 18 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

SV-representanten kom med forslaget då kommunestyret måndag diskuterte budsjettrammene for 2026 og dei komande åra i økonomiplan-perioden. Både rådmannen si saksutgreiing og ei orientering frå økonomisjef Cathrine Ellingsen i starten av møtet understreka at det økonomiske handlingsrommet er lite. Kommunen må auka inntektene eller redusera utgiftene for å få budsjetta til å gå i balanse dei komande åra. Både rådmannen og økonomisjefen nemnde kva eigedomsskatt kunne ha medverka til, utan å koma med konkrete forslag.

Rådmann Jostein Førre og økonomisjef Cathrine Ellingsen la fram dei økonomiske utsiktane for kommunen under kommunestyremøtet..

– Påverkar ikkje flyttemønsteret

Det gjorde derimot Østebø Olsen. Han foreslo innføring av eigedomsskatt med høgaste lovlege sats.

– Eg er klar over at fleirtalet både i det noverande og det føregåande kommunestyret har sett på det som ein triumf at eigedomsskatten blei avskaffa i Sveio frå 2023. Dette har vore sett på som eit fortrinn for kommunen for å få folk til å etablera seg her. Slik eg ser det, har spørsmålet om eigedomsskatt ingen påverknad på flyttemønsteret. Når eg høyrer folk samanliknar kommunar, er det tenestenivået dei ser på, sa Olsen i innlegget sitt.

Forslaget om eigedomsskatt utløyste ingen stor debatt i kommunestyret. Olsen sitt forslag fekk berre fem stemmer. Fleirtalet slutta seg til rådmannen sitt forslag, slik også formannskapet hadde tilrådd. Det inneber mellom anna at politikarane vil få nær 491 millionar kroner til fordeling på rammeområda for 2026. Det blir lagt opp til eit netto driftsresultat på 8,9 millionar kroner. I 2024-budsjettet var dette på 6 millionar, medan rekneskapen viser at det faktisk blei ei negativt resultat på 10 millionar.

Endra alderssamansetjing

På grunn av den demografiske utviklinga vil det i økonomiplanperioden vera aktuelt å overføra pengar frå skule og barnehage til helse og omsorg. KS-tal viser at det for eksempel vil vera behov for 4,5 millionar kroner mindre til skulesektoren i 2026 enn i 2025 på grunn av synkande elevtal. Tilsvarande tal for barnehagesektoren er 3,4 millionar. Korkje rådmannen eller politikarane ser det som realistisk med så store kutt allereie til neste år.

Forventa høge tilskot frå havbruksfondet (15 millionar) og statlege midlar til flyktningarbeid (26 millionar) vil vera med å berga budsjettet neste år, men rådmannen meiner det er uvisst om desse inntektene vil liggja på same nivå i framtida. Den statlege overføringa til busetjing av flyktningar føreset at Sveio også neste år tar imot 30 flyktningar. Rådmannen påpeikar at det vil vera krevjande å skaffa bustader til så mange.

For å betra økonomien og auka aktiviteten oppfordra Sondre Natås Strand (KrF) rådmannen til å gå ut med samleannonser for alle ledige kommunale tomter i Sveio, både til bustad- og næringsføremål.

Reviderte 2025-budsjettet

På kommunestyremøtet måndag blei også budsjettet for 2025 revidert. Det skjedde samrøystes og utan debatt. Vedtaket inneber mellom anna at kommunen set av 1,95 millionar kroner til nye investeringar. Dette skal finansierast med opptak av lån på 1,35 millionar og momskompensasjon på 06, millionar. Kommunestyret godkjende også overføring av ubrukte investeringsmidlar frå 2024 til 2025.

Det er også gjort fleire endringar i driftsbudsjettet. Eit innspel frå eldrerådet, presentert av Helge Matre, blir vedlagt protokollen. Det omhandlar blant anna arbeid med å skaffa fleire omsorgsplassar med heildøgns bemanning, transportordning for unge og eldre frå utkantane til sentrum og vidareføring av ordninga «eldre ut på middag».

Powered by Labrador CMS