nyhende

Småbåtar ved Bryggen i Bergen. Ein båteigar meiner at Noreg framleis er eit u-land når det gjeld tømming av septik frå båt, og skriv at han mellom Sandnes og Lofoten berre har observert éin mottaksstasjon. Denne stasjonen er i Bergen. FOTO: MARIT HOMMEDAL/ NTB / NPK
Småbåtar ved Bryggen i Bergen. Ein båteigar meiner at Noreg framleis er eit u-land når det gjeld tømming av septik frå båt, og skriv at han mellom Sandnes og Lofoten berre har observert éin mottaksstasjon. Denne stasjonen er i Bergen.

Foreslår totalforbod mot toalettømming til sjøs frå fritidsbåt

Det kan bli eit totalforbod mot tømming av båttoalett i Oslofjorden. Det er førebels ikkje aktuelt med eit slikt forbod i fjordane på Vestlandet. Det er kommunane sitt ansvar å sørgje for naudsynte anlegg for tømming av avløpsvatn også frå fritidsbåtar.

Publisert Sist oppdatert

Sverige innførte i 2015 eit totalforbod mot å tømme septiktanken i sjøen. Sidan har nabolandet bygd fleire tømmestasjonar og, ikkje minst, dei har laga ei offentleg oversikt over desse stasjonane. Her i landet finst det ikkje ei slik oversikt, til irritasjon for mange båteigarar som gjerne vil tømme tankane sine på miljøvenleg vis.

Det var venta at eit forbod mot tømming av kloakk frå fritidsbåtar skulle tre i kraft i Oslofjorden frå 1. juli i år, men dette blir truleg utsett. Det har blant anna vore klaga på at det er altfor få tømmeplassar til at eit slikt forbod kan setjast ut i livet.

— Både Sjøfartsdirektoratet og Miljødirektoratet tilrår å forby kloakkutslepp frå fritidsbåtar i Oslofjorden. Klima- og miljødepartementet har saka til vurdering, seier politisk rådgivar for klimaminister Espen Barth Eide (Ap), Maria Varteressian (Ap), til NPK. Det er per i dag ikkje aktuelt med utsleppsforbod andre stader enn i Oslofjorden, legg ho til.

Kommunane sitt ansvar

Etter forureiningslova er det kommunane sitt ansvar å sørgje for naudsynte anlegg for tømming av avløpsvatn også frå fritidsbåtar. Dette stadfestar Maria Varteressian overfor NPK:

— Generelt har kommunane ansvar for at både bubilar og fritidsbåtar har tilgang på anlegg der dei kan tømme kloakk og avløpsvatn. Dette følgjer av forureiningslova, seier ho.

Miljødirektoratet informerte i februar i år alle kommunane i landet. Det er varierande praksis i korleis ordninga blir finansiert, men ifølgje direktoratet har kommunane berre rettsleg høve til å finansiere tenesta anten ved at den enkelte brukaren betaler, eller ved å finansiere tenesta over eige budsjett.

Det blir presisert at kommunane ikkje kan finansiere etablering og drift av mottaksanlegg for avløpsvatn frå fritidsbåtar gjennom avfallsgebyret eller vass- og avløpsgebyret.

Direktoratet seier også at dei ikkje veit i kva grad båtseptik vil påverke miljøstanden i Oslofjorden. Dei viser til at det er ein av fleire forureiningskjelder, og at det utgjer ein liten del av den totale mengda organisk materiale i næringssalt som hamnar i fjorden.

På bakgrunn av dette vil ikkje Miljødirektoratet konkludere med at eit forbod vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt.

Desse reglane gjeld i Noreg i dag:

Det er forbod mot tømming av kloakk i vassdrag. I sjø er det forbod mot utslepp av kloakk innanfor ein avstand av 300 meter frå land. Det er også eit krav om at alle fritidsbåtar skal ha ein opplagstank eller eit vassbehandlingsanlegg knytt til toalettet.

Dette gjeld for alle CE-merka fritidsbåtar. Lova har ikkje tilbakeverkande kraft, slik at eldre båtar ikkje har noko krav om dette.

Nokre kommunar har innført strengare krav. Til dømes har kommunane Nesodden og Vestby forbod mot utslepp av kloakk frå skip, inkludert fritidsfartøy. Bærum har forbod mot utslepp av kloakk innanfor øyane. Utanfor øyane gjeld 300-metersregelen.

Kommunane Hvaler og Fredrikstad i Østfold har forbod mot utslepp av kloakk til sjø som følgje av opprettinga av Ytre Hvaler nasjonalpark i 2009. Forbodet gjeld berre for kystlinja som ligg i nasjonalparken.

Oslofjorden har den største tettleiken av fritidsbåtar her i landet. Her frå båthamna i Bestumkilen i Oslo.

Nesten ein million fritidsbåtar

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet finst det 948.000 fritidsbåtar i Noreg. 349.000 av dei er registrerte i region Aust. Direktoratet har tilrådd eit generelt forbod mot tømming av kloakk i Oslofjorden. Dei foreslår også eit krav om at alle båtar skal riggast slik at dei kan tømme septik i tømmestasjonar.

For mange eldre båtar ville det bety ombygging, noko som vil medføre betydelege kostnader.

Spørsmålet om fritidsbåtar og kloakkutslepp blir ivrig diskutert på mange diskusjonsforum for båtfolk på nettet. Ein båteigar meiner at Noreg framleis er eit u-land når det gjeld tømming av septik frå båt. Båteigaren skriv at han fleire gonger har gått med båt frå Sandnes i sør til Lofoten i nord, og på denne strekninga har han observert éin mottaksstasjon.

Og denne stasjonen er i Bergen.

Mange er også opptekne av at det manglar ei samla oversikt over tømmeplassar langs kysten.

Fryktar lange køar

Båtmagasinet melder at eit tømmeforbod i Oslofjorden no vil bety at 54.800 båtar skal kjempe om plassen ved 44 tømmestasjonar. Dei fryktar lange køar og kamp om pumpene om det skulle bli ein realitet. Det er eit massivt krav frå båteigarar at det må kome fleire tømmestasjonar.

Mange synest også at det er urimeleg at eigarar av fritidsbåtar skal bli uforholdsmessig hardt ramma. Dei står trass alt for berre ein liten del av utsleppa. Det mest problematiske er utsleppa frå land, minner dei om.

Miljødirektoratet tilrådde i januar i år at det blir utarbeidd eit regelverk med forbod mot utslepp av septik frå fritidsbåtar. Dei skisserer to alternativ. Det eine er eit generelt forbod mot utslepp frå fritidsbåtar, det andre eit alternativ som pålegg ombygging av fritidsbåtane for å hindre utslepp.

Alternativet med ombygging gjeld for fritidsbåtar som er registrerte etter 16. juni 1998, og som har toalett om bord. Dette vil krevje ombygging.

Det har vore antyda frå båteigarhald at ei slik ombygging vil koste frå 15.000 kroner og oppover.

Powered by Labrador CMS