nyhende
Foreslår parallell bømlafjordtunnel
Statens vegvesen ønskjer å byggja ein parallell køyretunnel til Bømlafjordtunnelen, meldet bladet Sunnhordland.
Dette går fram av Konseptvalutgreiing E39 kryssing av Bømlafjorden, som Statens vegvesen har sendt til Samferdselsdepartementet. Bakgrunnen er at Bømlafjordtunnelen har ein lågare standard enn dagens krav, sørleg med omsyn til stigning. Vegvesenet fekk difor i 2021 pålegg om å laga ein plan for oppgradering av fjordkryssinga.
Vegvesenet har vurdert seks ulike alternativ, men har landa på det som blir kalla K3 og som innenber eit parallelt tunnelløp og vidareutvikling til firefeltsveg. Det vil gi om lag ti minuttars kortare reisetid mellom Hope i Sveio og Førland i Stord.
Denne løysinga er stipulert til ein kostnad på 13,2 milliardar kroner. Det dyraste alternativet som er vurdert, er ein tunnel frå Hope til Førland som vil kosta 19,6 milliardar.