nyhende
Føreslår open halvtime til sveibuen
Anten ein er opprørt over noko som skjer i samfunnet, eller berre glad for noko som har blitt gjort? Neste år vil sveibuen få moglegheit til å seia det dei har på hjarta framfor alle dei leiande politikarane i Sveio.
Det var då formannskapet hadde møte måndag 26. oktober idéen blei spelt ut frå Ruth G. Østebøvik Eriksen, i samband med fastsetjing av møteplan for 2021.
Ikkje arena for klagar
– Skal me få det lagt det inn i møteplanen, og sjå om det er interesse? Me kan få spørsmål, og me vil heilt sikkert få høyra om me gjer ting feil, sa Eriksen med eit smil. Ho la til at det er viktig at det ikkje vil vera høve til å klaga på saker, om ein til dømes ikkje har fått løyve til å byggja naust som ønska.
Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre nikka til framlegget.
– Me kan høyra med andre kommunar korleis dei løyser dette, sa Hollund, og opplyste om at Bømlo kommune har praktisert liknande.
Håkon Skimmeland frå Sveio Ap syntest idéen var god.
– Me må leggja greie føringar, og passa på at det ikkje blir klagebehandling, var hans kommentar.