nyhende
Føreslår millionutbyte til Sveio
Haugaland Kraft føreslår å dela ut over 300 millionar kroner til eigarkommunane etter årsrekneskapen for 2025.
Haugaland Kraft auka både omsetninga og resultatet i 2025. Konsernet omsette for 4,6 milliardar kroner, mot 3,8 milliardar kroner året før, medan årsresultatet steig frå 624 millionar kroner i 2024 til 821 millionar kroner i 2025, opplyser konsernet i ei pressemelding.
Difor går utbyttet ned
Trass i resultatveksten er det føreslåtte utbyttet lågare enn året før. Det heng saman med konsernet sin utbytepolitikk, der utbetalinga tilsvarar 60 prosent av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata etter skatt, og ikkje berre resultatet for eitt enkelt år.
Det blei føreslått å dela ut 460 millionar kroner etter 2024-rekneskapen, medan forslaget etter 2025-rekneskapen er på 345 millionar kroner.
Sveio blant eigarane som får utbyte
Sveio kommune har ein eigarandel på 3,91 prosent, og er dermed føreslått å få i overkant av 13,5 millionar kroner. Det er lågare enn i 2024, då det føreslåtte utbyttet var 18,1 millionar kroner. Årsaka er at 2022, som var eit år med svært høgt årsresultat, no har falle ut av utrekningsgrunnlaget.
Dei største eigarane i konsernet er Karmøy kommune og Haugesund kommune, med eigarandelar på høvesvis 34,72 prosent og 24,76 prosent. Det gir eit føreslått utbyte på 120,5 millionar kroner til Karmøy og 85,9 millionar kroner til Haugesund.
– Me skal sikra eigarane våre god og føreseieleg avkastning, samstundes som me investerer i infrastruktur som er avgjerande for omstilling, verdiskaping og attraktive lokalsamfunn. Det er sjølve kjernen i samfunnsoppdraget vårt, seier konsernsjef Pablo Barrera i pressemeldinga.
Haugaland Kraft opplyser at konsernet i løpet av 2025 har ført 2,6 milliardar kroner tilbake til fellesskapet gjennom mellom anna utbyte, vare- og tenestekjøp, samt skattar og avgifter. Ifølgje selskapet har 1,4 milliardar kroner av dette kome lokalsamfunna i regionen direkte til gode.