nyhende

Syrin er ein av mange framande artar som kan skade naturmangfaldet, og som Miljødirektoratet no foreslår å forby.

Foreslår forbod mot syrin og villvin

Miljødirektoratet foreslår forbod mot innførsel, omsetjing og utplanting av 97 framande plantar som skader norsk natur.

Publisert Sist oppdatert
Framande og skadelege artar er ein av dei fem største truslane i verda mot naturmangfald. Ein analyse frå 2013 reknar med at framande skadelege artar kostar samfunnet 1,4 – 3,9 milliardar kroner årleg.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet no foreslått å forby 97 framande skadelege planteartar. I forslaget som er sendt på høyring, står det at det skal bli forbode å innføre, selje, gi bort og å plante ut dei skadelege plantane i Noreg.

Fortrengjer andre

Blant plantene er syrinen Syringa vulgaris og klatreplanta villvin. Syrinen dannar til dømes tette kratt og kan fortrengje andre kritisk trua artar.

– Syrin utgjer med dei førekomstane som finst i dag eit stort problem, særleg i Oslofjord-området. Ved å forby innførsel, omsetjing og utsetjing av syrin og fleire andre framande skadelege planteartar ønskjer vi å forhindre ytterlegare spreiing, og redusere framtidige nedkjempingskostnader, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro, i ei pressemelding.

Ikkje tilbakeverkande

Miljødirektoratet har i forslaget teke omsyn til om det finst andre og mindre skadelege plantar, som kan fylle same eller liknande funksjon som dei foreslåtte forbodne plantane. Det finst til dømes sju andre syrinartar i handel, som truleg kan nyttast i staden for Syringa vulgaris.

Forbodet er ikkje foreslått å ha tilbakeverkande kraft. Det vil seie at dei som har desse plantane i hagen frå før kan behalde dei, men ikkje dele, setje ut eller kaste dei i naturen.

Powered by Labrador CMS