nyhende

formannskapetbjarte stølås storlilinn therese ervejostein førre
Frå formannskapet 23. november – det er nok ikkje den omtalte saka som blir diskutert her. F.v. jurist og politisk sekretær Bjarte Stølås Storli, ordførar Linn Therese Erve og rådmann Jostein Førre.

Foreslår eit årsverk til å passa på private avløpsanlegg

Det er rundt 2200 private avløpsanlegg i Sveio. Gjennom nye nasjonale føringar for vassforvaltninga frå Klima- og miljødepartementet, er det eit krav om at kommunane skal kartleggja og følgja opp utslepp frå avløpsanlegg dei er mynde for.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er eit arbeid som burde vore starta for fleire år sidan. Rådmannen meiner tida er inne for å oppretta ei ny stilling som kan ivareta dette viktige arbeidet, skriv rådmann Jostein Førre i orienteringssaka til politikarane.

Han ser føre seg at stillinga blir utlyst like over nyttår, med plan om snarleg tilsetting. Tanken er at stillinga skal finansierast etter sjølvkost, slik at kommunen ikkje vil bli påført nye utgifter, gebyr skal ikkje vera høgare enn utgiftene kommunen har med å føra tilsyn. Storleiken vil for 2021 vera 375 kroner.

Skeptisk

Då politikarane i formannskapet skulle gå gjennom saka i møte måndag 23. november, stilte mellom anna Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Sveio FrP seg spørjande til oppretting av ei slik stilling.

– Eg er ikkje ueinig i behov og sak, men korleis kan eit gebyr på 375 kroner finansiera dette? Eg blei tatt på senga av denne saka, og har behov for ei betre utgreiing, sa ho.

Rådmann Førre svara med at over 2000 private anlegg er veldig mange, og viste til retningslinjene frå nasjonalt hald.

– Betyr dette at 2200 mann vil få besøk kvart år? Eg er skeptisk til den økonomiske modellen, korleis skal det gå i hop, sa Rune Teikari, også frå FrP.

Prosjekt, så system

Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre foreslo å først laga ei oversikt via eit prosjekt, deretter å laga eit system for årleg forvaltning.

– Deretter lagar me ein driftsmodell. Eg kan ikkje tenka meg at det er behov for ein person, sa Hollund.

Jarle Jacobsen frå KrF påpeikte at slamtømmaren er innom septiktankar annakvart år.

– Er det feil på anlegg vil SIM og kommunen bli varsla. Det finst system for mange anlegg, sa Jacobsen.

Målet med arbeidet er at kommunen over tid vil greia å redusera forureininga frå desse anlegga og etter kvart syta for at alle utslepp blir reinsa i samsvar med reinsekrava i forureiningsforskrifta.

Powered by Labrador CMS