– Det skaper fleksibilitet å leggje til rette for pendlarar på denne måten. Skattehjelpa skal få ned kostnadene og redusere ulempene ved å reise langt, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til FriFagbevegelse.
Botnfrådraget skal opp med 300 kroner til 15.250. Det er mindre enn den forventa prisveksten, skriv avisa.
Øvre grense blir auka frå 97.000 til 100.880 kroner, og kilometersatsen blir auka frå 1,76 kroner til 1,83 kroner.
Statsbudsjettet blir presentert av finansministeren måndag 7. oktober. Auke i pendlarfrådraget er berre éin av åtte lekkasjar FriFagbevegelse publiserer.
I tillegg vil regjeringa fjerne tidsgrensa for pendlarar på brakke, auke grensa på personalrabatt for butikktilsette, auke fagforeiningsfrådraget, auka skattefri grense for inntekt ved utleige av bustad under 30 dagar, auka skattefri grense for inntekt ved utleige av fritidsbustad, auka grense for å betale trygdeavgift og auka beløpsgrense for lønnsopplysningsplikt frå 1.000 kroner til 2.000 kroner.