nyhende

Mange foreldre snakkar med barna sine om skjermbruk, og over halvparten av foreldra til barn mellom 9 og 17 år er bekymra for mobilbruken. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Mange foreldre snakkar med barna sine om skjermbruk, og over halvparten av foreldra til barn mellom 9 og 17 år er bekymra for mobilbruken.

Foreldre involverer seg i dei digitale aktivitetane til barna på ulike vis

Mange foreldre snakkar med barna sine om skjermbruk, og over halvparten av foreldra til barn mellom 9 og 17 år er bekymra for mobilbruken.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i ein artikkel på nettsidene sine.

Funna er henta frå den første forskingsoppsummeringa frå Skandinavia som undersøkjer kva foreldre seier om tilnærminga dei har til dei digitale aktivitetane til barn og unge.

På tvers av resultata i studiane kom forskarane fram til fem tema som belyser kva foreldra var opptekne av: involvering, regulering, bekymringar, positive aspekt og kompetanse – knytt til dei digitale aktivitetane til ungane sine.

– Eit gjennomgåande funn var at ein del foreldre sa dei kjende på usikkerheit eller mangel på kompetanse for korleis dei skal regulere dei digitale aktivitetane til barna sine, seier prosjektleiar og overlege Ingeborg Lidal ved FHI i artikkelen.

Mange foreldre fortalde at dei involverer seg i dei digitale aktivitetane til barna og mange ønskjer å involvere seg meir.

– Studiane indikerte at foreldra ville gi meir ansvar, tillit og fridom med aukande alder på barna, og færre reglar om bruk av digitale verktøy og medium for eldre ungdommar, seier Lidal.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS