nyhende
Klokka 19 stengde røystelokala:
Førehandsrøystinga er klar: Eit fylke har fått eit forsprang
38 prosent av dei røysteføre i Sveio hadde røysta over kva fylke dei vil bu i på førehand. Fleirtalet av desse ønskjer seg Vestland.
Samstundes som den ordinære røystinga vart avslutta klokka 19 måndag kveld, vart det førebelsr resultatet av førehandsrøystene offentleggjort av Sveio kommune.
38 prosent røysta på førehand
1.744 personar, det vil seie 38 prosent av dei røysteføre over 16 år i kommunen, hadde gitt si stemme då førehandsrøystinga stengte fredag.
Dette er det førebelse resultatet etter at berre førehandsrøystene er talde opp:
Vestland: 1015 (ca. 58,2 prosent)
Rogaland: 723 (ca. 41,5 prosent)
Blanke stemmer: 6 (ca. 0,3 prosent)
Førebels fasit i kveld
Førehandsrøystene blir slått saman med dei ordinære røystene måndag kveld.
Eit førebels resultat av heile folkerøystinga er venta å vere klart etter klokka 22 måndag kveld.
Vestavind publiserer det førbelse resultatet så snart det er klart i kveld.