nyhende
Førebudd på nye restriksjonar
27 elevar ved Sveio skule har dei siste fem vekene fått påvist koronasmitte. Første smittetilfelle var 9. november i år, siste tilfelle blei påvist onsdag denne veka. Ingen tilsette er smitta.
Onsdag blei det påvist tre nye smittetilfelle på barnetrinnet på Sveio skule. Berre ein av dei tre elevane hadde vore på skulen siste veka.
På ungdomstrinnet er fire elevar smitta, ein av desse er nå tilbake på skulen. Det opplyser rektor ved Sveio skule, Lene Lier.
Førebudd på gult nivå
Tidlegare i pandemien var det strenge tiltak i skulane, der elevane blant anna blei delt opp i grupper og opplært til å halda éin meters avstand. Ennå har det ikkje vore snakk om at trafikklysmodellen i skulen og barnehagar kjem tilbake.
– Denne gongen var eg nokså sikker på at det ikkje blei gult, då hovudfokus heile tida har vore å skjerma barn og unge. Men at det likevel kan koma nye restriksjonar, blir avgjort i forhold til helse og om dei har kapasitet ved sjukehusa. Me er førebudd på at det kan skje kva tid som helst, seier Lier.
– Korleis opplever du skulekvardagen?
– Situasjonen er krevjande, ikkje minst fordi ein veit aldri korleis neste dag blir. Men det største presset har lærarane og fagarbeidarane, dei som står i front i klasseromma kvar einaste dag, og ikkje minst reinhaldarane, seier Lier. Ho opplever stemninga blant dei tilsette som god.
– Våre tilsette er kjempeflinke og klare til å snu seg fort rundt når det skjer nye ting. Elles snakkar me med elevane og prøver så godt me kan å vera forsiktige i dei klassane med smitte på ungdomsskulen. På barneskulen kan ein ikkje forventa at ein skal klara å halda avstand. Heldigvis blir ikkje dei yngste så sjuke.
– Får du mange spørsmål frå foreldre?
– Det går mot jul og folk skal treffa besteforeldre. Det er nokre få foreldre som har teke kontakt og lurar på om dei skal halda borna sine heime i forkant. Alle har moglegheit til å søka om permisjon i inntil fjorten dagar, i dei tilfella må me ta ei vurdering på kvifor utfrå kvart enkelt tilfelle, opplyser Lier.