nyhende
Førebels nøgd med tunnel-vedtak
Kommunesalen gjekk tom for sitjeplassar til sveibuar som kom for å følgja to viktige saker. Dei som vert råka av nye E39 gjekk forsiktig optimistisk frå salen. – Me er redde for at Vegvesenet kjem til å overkøyra kommunestyret, seier førdebuar.
Det var ikkje eit endeleg vedtak, men høyringsuttale til kommunedelplan for nye E39. Likevel kan det verta førande for vidare veg, bokstaveleg talt. Difor var om lag halvparten av dei sivile til stades der for å høyra om nye E39.
– Me stiller oss bak skrivet frå Førde Bygdalag, seier ei som vil vera anonym.
Gjekk for tunnel
På førehand har det vore fleire lesarinnlegg om korleis nye E39 kan råka særleg Førde og Valevåg. Under diskusjonen tok fleire til orde for endringar, spesifikt meir bruk av tunnel og å flytta traseen vekk i frå Førdebygda.
– Bygda vart allereie delt av noverande E39, og no risikerer me at det skjer igjen, seier Susanne D. Førde (Senterpartiet) etter røystinga.
Ho var vara for ein annan representant. I salen bak ho sat fleire førdebuar og venta på kva signal Sveio kommune skulle senda om traseen gjennom Førde. Både posisjon og opposisjon var samde om å flytta traseen vekk frå Førdebygda og i tunnel. Usemja stod i hovudsak om det er naudsynt med firefelts motorveg gjennom Sveio, og om det eigentleg er til gode for innbyggarane her, eller berre dei som skal frå Stavanger til Bergen.
– Me er glad for at dei røysta for tunnel, seier fleire av dei etterpå.
Fryktar Vegvesenet
– Men, me er redde for at Vegvesenet kjem til å overkøyra kommunestyret, seier ei som ynskjer å vera anonym.
– Kva tenkjer de om dei økonomiske kostnadane med tunnell? Det er jo mykje dyrare både å bygga og vedlikehalda.
– Ja, men økonomi kan ikkje berre vera det som avgjer. Kva med oss som bur her? Skal ikkje me ha folk buande her, eller andre stadar som kan verta råka, svarar ein førdebu.
Spesielt glad var Thomas Førde. Uansett kva av dei to noverande alternativa vil han få vegen rett vest eller aust for huset sitt. Med tunnel-løysinga slepp han motordur frå køyretøy i 110 kilometer i timen.
– Og kva med kyrkja? Korleis skal ein ha ein verdig gravferd med motorveg rett utanfor? spør Susanne D. Førde (Sp).
Saknar omsyn til naturen
Ein som var kritisk til manglande omsyn var Olav Østebø Olsen (SV). Han heldt andre innlegg i diskusjonen og sakna refleksjon over kor mykje natur som kjem til å forsvinna, både direkte og indirekte.
– Det vert det største arealbeslaget, men det øydelegg også mange økosystem. Me står ovanfor eit enormt naturinngrep, sa han føre røystinga.
Olsen fremma eit alternativt punkt kor ein undersøka utbetringar innanfor noverande E39.
– Eg kallar det eit «null»-pluss alternativ, sa Olsen.
Forslaget vart røysta ned. Kjartan Moe Hustvedt (MDG) fremma eit alternativt forslag med å i størst mogeleg grad følgja dagens E39 og at det skulle vera ein 2/3-felts veg. Dette vart også røysta ned.
MERKNAD:
I første versjon av artikkelen stod det at Olav Østebø Olsen heldt første innlegg i saka om nye E39. Det er feil. Han heldt andre, og me ber om orsak.