nyhende
Førebels lagt i arkivet
NVE har stopp i handsaming av søknadar. Solvind sin forenkla konsesjonssøknad til Sveio Nesse vindkraftverk, er derfor lagt i arkivet til NVE.
Kor lenge søknaden blir liggande der, kan ikkje Rune Flatby, direktør i konsesjonsavdelinga til NVE, seia noko om per i dag.
– I påvente av det nye regimet for handsaming av konsesjonssøknadar innan vindkraft, blir ikke nye søknar tatt til behandling. Dei som kjem inn blir førebels lagra i arkivet og får heller ingen sakshandsamar før det nye konsesjonssystemet er på plass. Når det blir er opp til departementet, seier Flatby.
– Har de fleire søknadar liggande på vent?
– Ikkje mange. No konsentrere me oss om å sluttføra arbeidet med prosjekt som alt har fått konsesjon, seier Flatby.
Nytt system før sommaren?
Regjeringa sitt fornya konsesjonssystem for vindkraftutbygging skal etter planen leggjast fram før sommaren. Det var lagt opp til eit innspelsmøte 11. mars, men det vart avlyst på grunn av koronakrisa.
Organisasjonar som Den norske turistforening og Norges Miljøvernforbundet meiner mellom anna arbeidet med meldinga er for hastig og for snever fagleg. Miljøvernforbundet gjekk 11. mai ut og kravde at at stortingsmeldinga må utsetjast til våren 2021, og at det bli ei brei høyring frå hausten 2020.