nyhende
NM-bragden:
Førdespeidarane til topps i NM
Sju glade og sjokkerte jenter frå Førdespeidarane gjekk heilt til topps under noregsmeisterskapen i speiding sundag.
NM i speiding gjekk av stabelen i Levanger i Trøndelag i helga. Der konkurrerte meir enn 600 speidarar, fordelt på 111 patruljar, i friluftslivs, fellesskap og matlaging.
Då vinnarane vart ropt opp sundag, vart det ellevill jubel i patrulje Ørn frå Førdespeidarane. Dei rett og slett kåra til dein flinkaste speidarane i heile Noreg!
— Sjokkerte
Dei var ifølgje ei pressemelding frå Norergs Speidarforbund veldig overraska over sigeren.
— Vi er veldig happy, veldig overraska og litt sjokkerte. Nå skal vi heim og slappe av litt – og skryte, seier dei.
Vinnarpatruljen bestod av patruljeførar Bertine Ottesen Frimanslund saman med Ida Ottesen Frimanslund, Mathilde Matre Aronsen, Maja Jørgine Matre Aronsen, Emilie Grinde, Lara Marie Mocci og Amalia Vincenza Mocci.
Dei reiste nordover med fly frå Haugesund via Oslo til Trondheim fredag. Derfra bar det vidare med tog før dei endeleg kunne etablere leir på NM-arenaen i Levanger. I løpet av helga fekk dei erfare både trøndersk høljeregn – og strålande sol under konkurransane.
— Vi gleda oss veldig til NM. Vi fokuserte på samarbeid og godt humør, og berre nyte det å vere ed på NM, seier den glade gjengen.
Godt samarbeid
Styreleiar i Førdespeidarane, Kristin Brekke Hovland, var ikkje med patruljen til Trøndelag, men hadde akkurat fått nyhenda sjølv då Vestavind slo på tråden.
— Det er fantastisk, seier ho.
Ho trekk fram to ting som gjer prestasjonen ekstra god. For det første at ein patrulje kan vere mellom tre og åtte speidarar. Og at jo fleire enn er, så tenkjer rett nok fleire hovud betre enn berre tre.
— Men samstundes kan det vere utfordrande å få til samarbeid, som er ein av disiplinane som blir vurdert, seier ho.
Dessutan bestod dei sju i patruljen av tre søskenpar. Noko dei var litt spente på kva ville bety for den samla innsatsen til laget.
— Det kan slå ut begge vegar når søsken skal samarbeide, men her gjekk det jo veldig fint, slår Brekke Hovland fast.
Skal markerast
Det er første gong Førdespeidarane går heilt til topps. Men så seint som i fjor tok ein patrulje frå Førdespeidarane ein like overraskande andreplass i NM.
— Korleis skal NM-sigeren markerast av Førdespeidarane?
— Dette er så nytt for oss leiarane at me ikkje har tenkt så langt. Men det er klart me skal feira dette, lovar ho.
Hovland trur sigeren, og merksemda dei får kring den, vil bidra til både auka interesse og rekruttering til Førdespeidarane.
— Også for Ryvarden krets er det kjekt å kunne vise til at dei beste speidarane høyrer til dei, seier ho.
På andreplass i NM kom Funn Ku frå Madla speidargruppe, mens tredjeplassen gjekk til patruljen Pangoling frå Grimstad KFUM-KFUK-speidarane.