nyhende
Forbruksgjelda auka nesten 10 milliardar i fjor
Nordmenn si forbruksgjeld auka i fjor med 9,5 milliardar kroner. No er den samla forbruksgjelda i Noreg på 160,4 milliardar kroner.
Tal frå Norsk Gjeldsinformasjon viser at den totale forbruksgjelda i Noreg 1. januar var på 160,4 milliardar kroner. Det er ein reduksjon på 1 milliard kroner (0,6 prosent) sist månad.
Den renteberande kredittkortgjelda utgjer 42,2 milliardar kroner.
Dagleg leiar i Norsk Gjeldsinformasjon Svein Ove Karstensen seier det er positivt at julehandelen ikkje medførte ein ytterlegare auke i forbruksgjelda, og at den renteberande kredittkortgjelda er uendra sidan førre månad.
– Høgare prisar og rentekostnader har nok bidrege til ein litt meir forsiktig bruk av kredittkort, seier Karstensen.