nyhende
Forbruksgjelda auka igjen i juli
Ved utgangen av juli er den totale forbruksgjelda her i landet 173,9 milliardar kroner, ein auke på 1,3 prosent frå månaden før.
Det kjem fram i tala frå Norsk Gjeldsinformasjon.
– Etter nedbetaling av kredittkortgjelda i juni har bruk av kredittkort auka i feriemånaden juli. Den renteberande kredittkortgjelda held fram med å falle òg denne månaden. Dette kan komme av at ein del av kredittkortgjelda har vorte refinansiert i nedbetalingslån, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i ei pressemelding.
Han oppmodar folk til å planleggje å betale feriegjelda på forfallsdato for å unngå høge renter utover hausten.
I juli auka kredittkortgjelda med 1,7 milliardar kroner, samtidig som det har vore ein auke på 0,6 milliardar kroner i nedbetalingslån. Dette viser at nordmenn i juli har trekt på kredittrammene sine, som dei nedbetalte på i juni, ifølgje Norsk Gjeldsinformasjon.
Dei siste tolv månadene har forbruksgjelda auka med 4,9 prosent.